Percheron
Percheron er ein fransk arbeidshestrase.
Raseskildring
Percheron er ein stor hest, med ei høgd på 1,65 til 1,85 m og ei vekt på 900 til 1200 kg. Farga er svart eller skimmel. Kroppen er kompakt og muskuløs, med krafige føter.
Historie
Percheron er ein rase som er avla fram i området rundt Mortagne-au-Perche i Normandie i Frankrike på 700-talet. Hesten framstår elegant, noko som skuldast innkryssing av arabarhest på 1700-talet.
Førekomst
Det finst minst 3000 individ av rasen percheron i USA. I dag foregår det ein del eksport av percheron frå Frankrike til Japan, der rasen nyt ein aukande popularitet.
Bruk
Det er ein sterk arbeidshest som kan dra tungt og arbeida stødig. Han er godlynt og lettkøyrd og høver like godt for jordbruk og skogbruk som til køyrehest. I heimlandet Frankrike vert hesten også nytta til kjøtproduksjon.