Perleugle
Perleugle | |
Perleugle | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av perleugle | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Ugler Strigiformes |
Familie: | Uglefamilien Strigidae |
Slekt: | Aegolius |
Art: | Perleugle A. funereus |
Vitskapleg namn | |
Aegolius funereus |
Perleugla er mellom dei mindre norske ugleartane og kan verta funnen i Trøndelag og på Aust- og Sørlandet. Arten liker best gamal barskog, og lever i store delar av Eurasia og Nord-Amerika.
Skildring
Perleugla vert opptil 25 cm lang og kan vega opptil 160 g. Fjørdrakta er gråbrun med store kvite flekker på oversida, undersida er lysare. Ungfuglar er heilt brune.
Hekking
Perleugla hekkar frå mars til juni, og nyttar som regel reirhòl frå større hakkespettar. Hoa legg 3-7 egg og rugar dei i underkant av ein månad. Ungane vert verande hjå foreldra i litt over 30 dagar.
Galleri
-
Læte
-
Egg
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Tengmalm's Owl» frå Wikipedia på engelsk, den 10. juli 2007.
- Nicolay, Singer & Wothe: Fugler, Cappelens naturhåndbøker