Piast-dynastiet
Piast-dynastiet var eit polsk dynasti[1] som styrte Polen som ein sjølvstendig stat frå 900-talet til 1370. Greiner av Piast-familien heldt fram som herskarar av små hertugdøme i Masovia fram til 1526 og Schlesien fram til 1675.
Piast Kołodziej var den legendariske grunnleggjaren av Piast-dynastiet. Han vart først nemnd i Cronicae et gesta ducum sive principum Polonorum av Gallus Anonymus, skrive om lag 1113. Sjølv om dei tidlege hertugane og kongane rekna seg som etterkommarar av Piast, vart Piast-dynastiet først funne opp på 1600-talet av historikarar, som skreiv for fleire herskarar som styrte hertugdøma i Schlesien. Det siste medlemet av Piast-familien, Georg Vilhelm, hertug av Brzeg og Legnica, døydde i 1675, sjølv om fleire familiar var i slekt med Piastane. Sonen hans August Freiherr von Liegnitz (1628) og Graf von Liegnitz (1664), den siste ektefødte mannen, døydde i 1679 og den siste mannen gjennom ei linje fødd utanfor ekteskap var Ferdinand Freiherr von und zu Hohenstein frå hertugane av Teschen døydde i 1725.
Piastkongane og herskarane av Polen står oppført i lista under:
Namn | Regjerte |
---|---|
Chościsko (legendarisk) | 700-800-talet |
Piast Kołodziej (legendarisk) | 700-800-talet |
Siemowit/Ziemowit | 800-900-talet |
Lestko/Leszek | 800-900-talet |
Siemomysł/Ziemomysł | 800-900-talet |
Mieszko I, første herskar | 960-992 |
Bolesław I av Polen (den modige) | 992-1025 |
Mieszko II Lambert | 1025-1034 |
Bezprym | 1031 |
Kasimir I Fornyaren | 1034-1058 |
Bolesław II den dristige | 1058-1079 |
Ladislaus Herman av Polen | 1079-1102 |
Zbigniew and Bolesław III av Polen (den skeivmunna) | 1102-1107 |
Bolesław III av Polen den skeivmunna | 1107-1138 |
Ladislaus den landflyktige | 1138-1146 |
Bolesław den krøllete | 1146-1173 |
Mieszko den gamle | 1173-1177 |
Kasimir den rettferdige | 1177-1194 |
Leszek den kvite og Ladislaus Pipestilk | 1194-1202 |
Ladislaus Pipestilk | 1202 |
Leszek den kvite | 1202-1210 |
Mieszko IV den kryssbeinte | 1210-1211 |
Leszek den kvite | 1211-1227 |
Ladislaus Pipestilk | 1228 |
Konrad av Masovia | 1229-1232 |
Henrik den skjeggete | 1232-1238 |
Henrik den fromme | 1238-1241 |
Konrad av Masovia | 1241-1243 |
Bolesław den blyge | 1243-1279 |
Leszek den svarte | 1279-1288 |
Henrik IV Probus | 1288-1290 |
Przemysl II | 1290-1291 |
Ladislaus den korte | 1306-1333 |
Kasimir den store | 1333-1370 |
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Piast dynasty» frå Wikipedia på engelsk, den 4. juni 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Encyklopedia Powszechna PWN Warsaw 1975 vol. III s. 505