Poison Ivy

Poison Ivy
Singel av The Coasters
frå albumet The Coasters' Greatest Hits
B-side

«I'm a Hog for You»

Utgjeve August 1959
Innspelt 16. juli 1959
Sjanger Rock and roll
Lengd 2:43
Selskap Atco
Låtskrivar(ar) Jerry Leiber og Mike Stoller
The Coasters-kronologi 
«Along Came Jones»
(1959)
Poison Ivy «What About Us»
(1959)


«Poison Ivy» er ein popsong av den amerikanske låtskrivarduoen Jerry Leiber og Mike Stoller. Han vart først spelt inn av The Coasters i 1959.[1] Songen nådde toppen av R&B-lista og sjuandeplassen på Billboard Hot 100-lista,[2] og 15. plassen i Storbritannia. Dette var den tredje topp 10-hitten deira det året etter «Charlie Brown» og «Along Came Jones».

Songen omhandlar ei jente kalla «Poison Ivy» (tyder giftsumak på norsk). Ho vert samanlikna med meslingar, kusma, vasskoppar, forkjølelse og kikhoste, men vert rekna som verre, fordi «Poison Ivy, Lord, will make you itch». I følgje tekstforfattaren Jerry Leiber er «'Poison Ivy' rett og slett ein metafor for ein seksuell overførbar kjønnssjukdom».[3]

Andre versjonar

  • The Dave Clark Five – 1963. Songen vart gjeven ut på ein EP.[4]
  • The Paramounts – på både singel (1963) og ein EP (1964). Singelversjonen nådde 35. plassen på den britiske singellista.[5][6]
  • The Rolling Stones spelte inn to versjonar i 1963. Den første versjonen kom ut på EP-en The Rolling Stones, som kom ut tidleg i 1964. Den andre versjonen kom ut i 1972 på eit samlealbum kalla More Hot Rocks (Big Hits & Fazed Cookies).[5]
  • Billy Thorpe & The Aztecs sin versjon gjekk til topps på den australske singellista i 1964 og heldt The Beatles unna førsteplassen samstundes som gruppa vitja Australia for første gongen. Dette førte til at Thorpe vart invitert til eit møte med Beatles på hotellet deira.[5]
  • The Hollies gav ut ein versjon i 1963 på det første australske albumet deira.
  • The Kingsmen gav ut ein versjon på albumet deira 15 Great Hits i 1966.
  • Manfred Mann – B-side til singelen «You Gave Me Somebody to Love» i 1966
  • Redbone gav ut ein versjon i 1972 på albumet deira Already Here.
  • The Lambrettas – 1980. Versjonen deira nådde sjuandeplassen på den britiske singellista.
  • The Romantics – i 1985 på albumet Rhythm Romance.
  • Linda McCartney – gav ut songen i 1987 og versjonen hennar kom ut på det posthume albumet Wide Prairie in 1998.
  • Young & Restless – 1988
  • The Nylons – i 1988 for filmmusikkalbumet Stealing Home.
  • Ian Gillan & The Javelins spelte inn songen i 1960-åra. Då dei kom saman at spelte dei han inn for albumet Sole Agency and Representation i 1994.
  • Hanson – i 1995 på albumet deira Boomerang.
  • Meshell Ndegeocello – 1997, med ein litt annan tekst. Versjonen hennar kom med på albumet Batman & Robin.
  • Los Straitjackets – i 2007 kom ein spanskspråkleg versjon av songen kalla «La Hiedra Venenosa», på albumet deira Rock en Español, Vol. 1.
  • Giuliano Palma & the Bluebeaters – i 2008 på albumet deira Boogaloo.
  • Chris Burke
  • The Lords
  • Los Rebeldes del Rock – eit mexicansk band starta av den afro-mexicanske songaren Johnny Laboriel - spelte inn ein versjon på spansk kalla «La Hiedra Venenosa» på ein EP (Orfeon, 1964).
  • The Puppets
  • Golden Boys – på portugisisk som «Erva Venenosa», i 1965.[7] Denne vart igjen spelt inn av det brasilianske popbandet Herva Doce i 1982 og Rita Lee på albumet 3001 i 2000.
  • Los Flippers eit rock and roll-band frå Colombia i 1960-åra, spelte inn ein versjon på spansk kalla «El Melenudo».
  • Bleached spelte inn songen for EP-en For The Feel i 2014.
  • Songen var med i musikalen Smokey Joe's Cafe.

Kjelder

  1. Leiber & Stoller intervjua på Pop Chronicles (1969)
  2. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942–2004. Record Research. s. 125. 
  3. Leiber and Mike Stoller with David Ritz, Jerry (2009). Hound Dog: The Leiber & Stoller Autobiography. Simon & Schuster. s. 141. ISBN 978-1-4165-5938-2. 
  4. «The Dave Clark Five». unknown. c.late 90s–2000s. Arkivert frå originalen 24. oktober 2009. Henta 17. februar 2018. 
  5. 5,0 5,1 5,2 Nuttall, Lyn (2000s). «Feature Item – poparchives.com.au – Poison Ivy». Lyn Nuttall. Arkivert frå originalen 18. februar 2018. Henta 17. februar 2018. 
  6. «The Paramounts». unknown. c.late 90s–2000s. Arkivert frå originalen 25. oktober 2009. Henta 17. februar 2018. 
  7. http://www.vagalume.com.br/golden-boys/erva-venenosa.html