Poospiza
Poospiza | |
![]() Sambosporv (Poospiza nigrorufa) | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Tanagarfamilien |
Slekt: | Poospiza Cabanis, 1847 |
Poospiza er ei slekt av sporvefuglar i tanagarfamilien Thraupidae som samlar ti artar i neotropane. Dei har ei ikkje-samanhengande utbreiing i Sør-Amerika, i vestlege Venezuela, frå sørvestre Ecuador til sentrale Peru, i Bolivia, nordlege Argentina og i søraustlegaste Brasil, i Uruguay og Paraguay. Dei fleste artar i slekta lever i Andes-regionar eller tilstøytande område vest på kontinentet. Alle artar har eit relativt avgrensa utbreiingsområde. Vanlegvis finn dei føda i busklandskap og krattskog.
Kjenneteikn
Fuglane i denne slekta er mellomstore tanagarar som måler mellom 12 og 18 cm i lengd. Alle har dominerande mengd av grått i fjørdrakta, i tillegg har dei ofte kontrastfulle kvite og eller raudbrune markeringar. Lomasporv i tørt habitat i kyststrøk i Peru har avvikande drakt i svart, kvitt og brungråtonar. Nebbet er konisk og finkeliknande. Ungfuglar og hoer har meir dempa fjørdrakter enn hannar.
Galleri
-
Boliviasporv (Poospiza boliviana), Argentina og Bolivia
-
Argentinasporv (Poospiza ornata), Argentina
-
Sambosporv (Poospiza nigrorufa), Argentina, Bolivia, Brasil, Paraguay og Uruguay
-
Kastanjebrystsporv (Poospiza whitii), Vestlege delar av Argentina og Bolivia
-
Lomasporv (Poospiza hispaniolensis), Ecuador og Peru
-
Brunbrystsporv (Poospiza rubecula), Peru
-
Tucumansporv (Poospiza baeri), Vestlege delar av Argentina
Taksonomi og artsoversyn
Slekta Poospiza vart introdusert i 1847 av den tyske ornitologen Jean Cabanis.[1] Namnet kombinerer det gamalgreske poa som betyr «gras» og spiza som betyr «fink».[2] I 1855 peikte den engelske zoologen George Robert Gray på sambosporv som typeart for slekta.[3][4]
Ein molekylær fylogenetisk studie av tanagerfamilien publisert i 2014 fann at Poospiza og mange andre slekter var polyfyletiske.[5] I den følgjande omorganiseringa vart to artar frå Compsospiza og to artar frå Hemispingus flytta hit. Samtidig vart fleire artar som tidlegare var plasserte i Poospiza flytta ut til tre andre slekter.[6]
Slekt Poospiza i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V14.1, 2024,[7] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[8][9] Skildra fjørdrakter er av hannfuglar.[10]
- Boliviasporv, Poospiza boliviana, Bolivian Warbling Finch, Sharpe, 1888, (LC)
- 15-16 cm, lys medlem av slekta, brungrå overside, lang kvit augebrynstripe, nøttebrunt brystband med utløpar til flankane, elles kvit strupe og underside. Lever Andes, i sørvestlege Bolivia
- Argentinasporv, Poospiza ornata, Cinnamon Warbling Finch, (Landbeck, 1865), (LC)
- 13 cm, skil seg frå andre i slekta med kvite vengband, habitat i økoregionen argentinsk monte
- Sambosporv, Poospiza nigrorufa, Black-and-rufous Warbling Finch, (d'Orbigny & Lafresnaye, 1837), (LC)
- 15 cm.[11] Typisk fjørdrakt for slekta, har tynn kvit skjeggstripe og kvit buk. Lever i lågland frå delstaten Paraná i Brasil i nord, over Uruguay og sørlege Paraguay, til sørlegaste Buenos Aires-provinsen i sør.
- Kastanjebrystsporv, Poospiza whitii, Black-and-chestnut Warbling Finch, Sclater, PL, 1883, (LC)
- 12–14 cm. Skifergrå med svart forkrone, kvit og kastanje augebrynstripe, kastansje underside med kvit buk. Lever i Andes og aust for Andes i Bolivia sør for La Paz sør til vestre Córdobaprovinsen i Argentina
- Lomasporv, Poospiza hispaniolensis, Collared Warbling Finch, Bonaparte, 1850, (LC)
- 13,5-16,5 cm. Fjørdrakta er avvikande i slekta med lys gråbrun overside, svart maske og kvit augebrynstripe, strupe og buk. Lever kystnært frå sørvestlege Ecuador (Isla de la Plata)[12] sørover til Arequipa-regionen i Peru.
- Brunbrystsporv, Poospiza rubecula, Rufous-breasted Warbling Finch, Salvin, 1895, (EN)
- 14-16 cm. Skifergrå overside, raudbrunt bryst og panne. Lever på begge sider av den vestlege kjellkjeda av Andes i sentrale Peru
- Tucumansporv, Poospiza baeri, Tucuman Mountain Finch, (Oustalet, 1904), (VU)
- 16,5-18. Grå fjørdrakt med panne, strupe og undergump i raudbrunt. Frå Tarija-departementet i Bolivia i nord til La Rioja-provinsen i Argentina i sør, 2500 og 3100 moh.
- Cochabambasporv, Poospiza garleppi, Cochabamba Mountain Finch, (Berlepsch, 1893), (NT)
- 17–18 cm. Raudbrun med mørk grå overside. Lever i avgrensa område sentralt i Boliva, 3000-3800 moh.
- Meridatanagar, Poospiza goeringi, Slaty-backed Hemispingus, (Sclater, PL & Salvin, 1871), (NT)
- 14 cm, skifergrå overside, klår oransje underside, lever i Andes, ca. 3000 moh. i delstaten Mérida i Venezuela
- Rustbryntanagar, Poospiza rufosuperciliaris, Rufous-browed Hemispingus, (Blake & Hocking, 1974), (LC)
- 15-16 cm, svart øyredekkar, panne og isse, brei oransje augebrynstripe, skifergrå overside, gulbrun underside, lever i austsida av Andes i sentrale Peru
Kjelder
- Første versjon av denne artikkelen var baset på «Poospiza» frå Wikipedia på engelsk, den 9. februar 2025
- Winkler, D. W., S. M. Billerman, og I. J. Lovette (2020). Tanagers and Allies (Thraupidae), version 1.0. I Birds of the World (S. M. Billerman, B. K. Keeney, P. G. Rodewald, og T. S. Schulenberg, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.thraup2.01 (Krev konto)
- Referansar
- ↑ Cabanis, Jean (1847). «Ornithologische notizen». Archiv für Naturgeschichte (på German) 13 (1): 186–256, 308–352 [349].
- ↑ Jobling, James A. (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 314. ISBN 978-1-4081-2501-4.
- ↑ Gray, George Robert (1855). Catalogue of the Genera and Subgenera of Birds Contained in the British Museum 13. London: British Museum. s. 75.
- ↑ Paynter, Raymond A. Jr, red. (1970). Check-List of Birds of the World 13. Cambridge, Massachusetts: Museum of Comparative Zoology. s. 117.
- ↑ Burns, K.J.; Shultz, A.J.; Title, P.O.; Mason, N.A.; Barker, F.K.; Klicka, J.; Lanyon, S.M.; Lovette, I.J. (2014). «Phylogenetics and diversification of tanagers (Passeriformes: Thraupidae), the largest radiation of Neotropical songbirds». Molecular Phylogenetics and Evolution 75: 41–77. Bibcode:2014MolPE..75...41B. PMID 24583021. doi:10.1016/j.ympev.2014.02.006.
- ↑ Burns, K.J.; Unitt, P.; Mason, N.A. (2016). «A genus-level classification of the family Thraupidae (Class Aves: Order Passeriformes)». Zootaxa 4088 (3): 329–354. PMID 27394344. doi:10.11646/zootaxa.4088.3.2.
- ↑ Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2024. IOC World Bird List (v14.1). doi : 10.14344/IOC.ML.14.1 Henta 25. august 2024
- ↑ «Norske navn på verdens fugler». Norsk navnekomité for fugl (NNKF). 11. november 2024.
- ↑ Birdlife International, Søk på Poospiza
- ↑ Winkler et al
- ↑ Nicole Bouglouan. «Black-and-rufous Warbling-Finch - Poospiza nigrorufa».
- ↑ Ridgeley, Robert S. Paul J. Greenfield (2001). The Birds of Ecuador II. Christopher Helm London. s. 693. ISBN 0-7136-6117-8.