Qinling
Qinling | |||
fjell | |||
Land | Folkerepublikken Kina | ||
---|---|---|---|
Qinling 33°57′48″N 107°37′05″E / 33.96333334°N 107.61805557°E | |||
Wikimedia Commons: Qin Ling |
Qinling (kinesisk skrift 秦岭, pinyin Qin Ling) er ei fjellkjede sentralt i Folkerepublikken Kina. Ho strekkjer seg ca. 650 km i vest-aust-retning, og har ei breidde på opptil 170 km, frå sør i provinsen Gansu og tvers over heile det sørlege Shaanxi og aust til den sentrale delen av Henan.
Det høgaste fjellet i kjeda er Taibai Shan, på 3 767 moh. Eit av dei fem heilage fjella i daoismen, Hua Shan, ligg i Qinling.
I nord er fjella avgrensa av elvesletta til elva Wei og i sør av elva Han Jiang. Desse to elvene renn ut i kvar sin hovudflod, Huangelva og Yangtze.
Fjella utgjer eit markant vegetasjonsskilje. Nord for fjella er det store tørre løssområde som eignar seg for dyrking av kveite. Sør for dei byrjar varmare og fuktigare landskap som dels er prega av store skogar, dels av risfelt.
Samferdsle
Baoji-Chengdu-jarnbana går gjennom området. Ho knyter Baoji i Shaanxi til Chengdu i Sichuan.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Qinling» frå Wikipedia på bokmål, den 22. juli 2020.