Røyneberg
Røyneberg er eit område nordaust i Sola kommune. Røyneberg grensar til Stavanger i nord og aust, til Hafrsfjord i vest og Sola sentrum i sør. Talet innbyggarar på Røyneberg er 4866, som er spreidd ut på Sande : 808, Joa : 1068, Sørnes/Røyneberg : 1227, Sørnes/Grannes : 735 og Grannes : 1028. Røyneberg skule og Sørnes kyrkje er dei viktigaste bygga på Røyneberg. Ytraberget og Indraberget ligg nede ved Hafrsfjorden. Røyneberg har ei rik historie, med fleire funn og ikkje minst bygdeborga på Ytraberget. Store jordbruksareal og fine naturstiar gjer at det er mange gode turmoglegheiter på Røyneberg.