René Just Haüy

René Just Haüy

René Just Haüy
Fødd28. februar 1743
Saint-Just-en-Chaussée (Oise)
Død1. juni 1822 (79 år)
Paris
NasjonalitetFransk
Områdemineralogi
Yrkemineralog, fysikar, krystallograf
InstitusjonarMuséum national d'histoire naturelle
Alma materUniversitetet i Paris
MedlemRoyal Society
Société philomathique de Paris
Kungliga Vetenskapsakademien
Det franske vitskapsakademiet
Vitskapsakademiet i St. Petersburg
Det prøyssiske vitskapsakademiet
Accademia Nazionale delle Scienze detta dei XL
Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen

René Just Haüy (28. februar 17431. juni 1822) var ein fransk mineralog. Han var opphavleg prest.

Han oppdaga lovmessigheita i geometrien til krystall, og grunnla på den måten geometrisk krystallografi. Han gav ut Théorie sur la structure des cristaux (1784), Traité de minéralogie (5 bd. 1801) og Traité de cristallographie (2 bd. 1822). Haüy vart fengsla i 1792 under den franske revolusjonen, men vart lauslaten kort tid etter. Han vart i 1802, under Napoleon, utnemnd til professor i mineralogi i Paris.

Kjelder

  • René Just Haüy. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.

Bakgrunnsstoff

  • Alfred Lacroix, « La vie et l'œuvre de l'abbé Haüy », Bulletin de la Société française de Minéralogie, vol. 67 « La célébration du deuxième centenaire de la naissance de l'abbé Haüy », nos 1-6,‎ 1944, p. 15-226. (DOI DOI 10.3406/bulmi.1944.4560) (på fransk).
  • 200-årsjubileet for hans død: hauy2022.free.fr (i høve Det internasjonale mineralogiåret 2022 organisert i samarbeid med UNESCO).
  • François Farges; Johan Kjellman, Bicentenaire de la disparition de René-Just Haüy... Le Règne Minéral 165, pp. 7-4 2 (på fransk).