René Vandereycken
René Vandereycken | |
Statsborgarskap | Belgia |
Fødd | 22. juli 1953 (71 år) Hasselt |
Idrett | fotball |
Tok del i | VM i fotball 1986, EM i fotball 1980, EM i fotball 1984 |
René Vandereycken (fødd 22. juli 1953) er ein belgisk fotballtrenar og tidlegare -spelar frå landsbyen Spalbeek i Limburg-provinsen. Han var midtbanespelar. I vel tre år frå januar 2006 var Vandereycken landslagssjef for Belgia.
Karriere
Klubbspel
Vandereycken hadde stor suksess med Club Brugge, ein klubb han tente frå 1974 til 1981. Etter to sesongar i Italia, vende han tilbake til Belgia og spel for RSC Anderlecht perioden 1983-86. Han la opp i 1989.
Landslagsspel
Vandereycken debuterte på landslaget i november 1975 og deltok i 50 landskampar, dei to siste kom under VM i fotball 1986. Han skåra 3 mål for Belgia, det eine kom då han i EM-finalen 1980 utlikna på straffespark, ein kamp som enda med vesttysk triumf 2–1 i sluttminutta.
Merittar
- Sølvmedalje i EM i fotball 1980: Belgia
- Belgisk seriemeister: 1976, 1977, 1978 og 1980 for Club Brugge
- Belgisk seriemeister: 1985 og 1986 for RSC Anderlecht
- Belgisk cupmeister: 1977 for Club Brugge
- Finalist i Europacupen: 1978 for Club Brugge
- Finalist i UEFA-cupen: 1976 for Club Brugge
- Finalist i UEFA-cupen: 1984 for RSC Anderlecht
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «René Vandereycken» frå Wikipedia på tysk, den 1. april 2022.