Reyes Estévez
Reyes Estévez | |
Statsborgarskap | Spania |
Fødd | 2. august 1976 (48 år) Cornellà de Llobregat |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 1996 |
Utmerkingar | Ordenen for sportsfortjenester, Catalan Sportsman/Sportwoman of the Year |
Reyes Estévez López (fødd 2. august 1976) er ein spansk tidlegare mellomdistanseløpar frå Cornellà de Llobregat. Han vart europameister på 1500 meter i 1998 og vann bronsemedaljane på same distansen i verdsmeisterskapane 1997 og 1999, og sølvmedaljen ved EM 2002.
Aktiv
Estévez kneip bronseplassen på 1500 meter under VM 1997 i Aten, einast favoritten Hicham El Guerrouj frå Marokko og hans eigen landsmann Fermín Cacho sprang fortare. Året etter sprang Estévez sjølv inn til siger på spesialdistansen i europameisterskapen i Budapest, framom portugisaren Rui Silva. Bronsen gjekk til Cacho, den forrige europameister frå 1994.
I 1999 gjorde Estévez unna sitt livs fortaste 1500 m då han med tida 3.30,5 vann ein ny bronsemedalje under VM i Sevilla, bak El Guerrouj og kenyanaren Noah Ngeny. Våren 2001 vart Estévez andremann etter Rui Silva i innandørs-VM i Lisboa, eit lite halvår seinare enda Estévez på femteplassen i VM 2001 i Edmonton. Under europameisterskapen 2002 i München kryssa Estévez og franskmannen Mehdi Baala målstreken på nøyaktig lik tid, 3.45,25, Baala vart tilkjend gull- og Estévez sølvmedaljen.
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/6/63/Reyes_Estevez_-_Barcelona_2010.jpg/220px-Reyes_Estevez_-_Barcelona_2010.jpg)
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
- OL 1996 i Atlanta: Utslått i semifinalane (3.39,4=nr 20)
- VM 1997 i Aten: Bronsemedalje – 3.37,2
- EM 1998 i Budapest: Gullmedalje – 3.41,3, framom Rui Silva (3.41,8)
- VM 1999 i Sevilla: Bronsemedalje – 3.30,5
- VM 2001 i Edmonton: Nr 5 – 3.32,4
- EM 2002 i München: Sølvmedalje – 3.45,25, bak Mehdi Baala (3.45,25)
- VM 2003 i Paris: Nr 6 – 3.33,8
- OL 2004 i Aten: Nr 7 – 3.36,6
- VM 2005 i Helsinki: Nr 11 – 3.46,6
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Reyes Estévez» frå Wikipedia på engelsk, den 3. august 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Reyes Estévez» frå Wikipedia på tysk, den 3. august 2019.
- «Reyes Estévez» (på engelsk). Olympedia. Henta 10. mars 2023.