Rhea i mytologi

Rhea i mytologi

Identifisert medKybele, Ops
MorGaia
FarUranos
EktefelleKronos
BarnZevs, Hera, Demeter, Poseidon, Hades, Hestia, Enyalius, Ceres

Rhea er ein av titanane, dei opphavlege guddommane, i gresk mytologi. Ho er dotter av Gaia (Jorda) og Uranos (Himmelen). Rhea var rekna som ei gudinne for fruktbarheit, moderskap og ein vernar av slekta.[1] Namn Rhea eller Rheia (gresk Ῥέα, Ρεια) betyr «straum» eller «makelegheit» på gresk, og som hustru av guden Kronos (Tida) stod ho truleg for den evige straumen og generasjonane. Som den store mora, Meter Megale, var «straumen» menstruasjonsblod, fødselsvatn og mjølk.[1] I tidlege tradisjonar var ho kjend som «mor til gudane», og såleis sterkt assosiert med Gaia og Kybele som hadde tilsvarande funksjonar. I klassisk tid såg grekarane på henne som mor til dei olympiske gudane, men ikkje som ein olympisk gud i eigen rett. Ho var også gudinna for trivsel, velstand og make, ei velsigning reflektert i den vanlege homeriske frasen «gudane som lever i sin make (rhea)».[1] Romarane identifiserte henne med Magna Mater (deira variant av Kybele) og gudinna Ops.

Kjelder

  1. 1,0 1,1 1,2 Rhea, Theoi Project

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Rhea i mytologi