Richard Coughlan
Richard Coughlan | |||
![]() Coughlan (første til høgre) som medlem av The Wilde Flowers (1966) | |||
Fødd | 2. september 1947 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Herne Bay i Kent i England | ||
Død | 1. desember 2013 (66 år) | ||
Dødsstad | Broadstairs | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1966–2013 | ||
Sjanger | Progressiv rock, jazzfusion, Canterbury scene, kunstrock | ||
Instrument | Trommeslagar | ||
Tilknytte artistar | The Wilde Flowers, Caravan | ||
Verka som | Musikar |
Richard Coughlan (2. september 1947–1. desember 2013)[1][2] var ein engelsk musikar, mest kjend som trommeslagar og perkusjonist i Canterbury scene- og det progressive rockebandet Caravan. Han var med å skipe Caravan i 1968 og vart verande i bandet fram til han døydde.
Biografi
I 1966 vart Coughland medlem av The Wilde Flowers, der han erstatta Robert Wyatt på trommer, då han slutta for å skipe Soft Machine. I 1968 skipa han Caravan i lag med andre musikarar frå The Wilde Flowers.[1][3] Grupppa var aktiv fram til tidleg i 1980-åra, og spelte inn ti album på denne tida. I 1990 kom Caravan saman att. Coughlan vart verande med bandet fram til han døydde etter ei tids sjukdom i desember 2013.[1][2]
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Richard Coughlan» frå Wikipedia på engelsk, den 26. oktober 2019.
- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Richard Coughlan». Calyx, the Canterbury Website. Henta 26. oktober 2019.
- ↑ 2,0 2,1 Swanson, Dave (9. desember 2013). «Caravan Drummer Richard Coughlan Dies». Ultimate Classic Rock. Henta 26. oktober 2019.
- ↑ Eder, Bruce. «Richard Coughlan». AllMusic. Henta 26. oktober 2019.