SAME Deutz-Fahr
SAME Deutz-Fahr | |||
![]() | |||
Org.form | S.p.A. | ||
---|---|---|---|
Bransje | Jordbruk | ||
Skipa | 1995 | ||
Hovudkontor | Treviglio | ||
Land | Italia | ||
Produkt | traktor | ||
Nettstad | https://www.sdfgroup.com/it/ (italiensk), https://www.sdfgroup.com/en/ (engelsk) |
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/c3/SAME_Rubin_150_tractor.jpg/220px-SAME_Rubin_150_tractor.jpg)
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/8/82/Deutz-Fahr_Agrotron_215.jpg/220px-Deutz-Fahr_Agrotron_215.jpg)
SAME Deutz-Fahr (SDF) er ein italiensk-tysk traktorprodusent. Firmaet, som opphavleg heite Società Accomandita Motori Endotermici (SAME), vart stifta i 1942, i Treviglio i Bergamo i Italia. SAME utvikla seg til å verta ein av dei største traktorprodusentane i Italia og var ein av pionerane innan firehjulsdrivne traktorar.
I 1972 tok SAME over den italienske traktorprodusenten Lamborghini Trattori S.p.A., men heldt fram med å marknadsføra SAME og Lamborghini som separate merke.
In 1976, kjøpte SAME den sveitsiske traktorprodusenten Hürlimann. Noko etter dette skifta dei namn til SAME Lamborghini-Hürlimann.
I 1995 kjøpte dei den tyske traktorprodusenten Deutz-Fahr, som var ein del av Klöckner-Humboldt-Deutz (KHD; i dag Deutz AG), som ville konsentrera seg om motorproduksjon. SAME bytta samstundes namn til SAME Deutz-Fahr. SDF marknadsfører dei fire traktormerka SAME, Deutz-Fahr, Hürliman og Lamborghini og er i dag er stor traktorprodusent. SDF eig i dag om lag 40 % av Deutz AG.
I 2005 kjøpte SDF den kroatiske skurtreskjarprodusenten Ðuro Ðakovic.
Merkenamn
- Deutz-Fahr
- Hürliman
- Lamborghini
- SAME