Sapir i Israel
Sapir סַפִּיר | |||
landsby | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Det sørlege distriktet | ||
Koordinatar | 30°36′50.04″N 35°11′3.48″E / 30.6139000°N 35.1843000°E | ||
Folketal | 374 (2015) | ||
Sapir i Israel 30°36′50″N 35°11′03″E / 30.6139°N 35.1843°E | |||
Wikimedia Commons: Sapir (Arava) |
Sapir (hebraisk skrift סַפִּיר) er ein fellesbusetnad nær Veg 90 sør i Israel. Han er ein del av Sentral-Arava regionale kommune. Han vart grunnlagd i 1978 og er kalla opp etter Pinchas Sapir.
Busetnaden, som vart planlagt av arkitekten Gershon Tzippor, vart hovudsakleg grunnlagd for å gje bustader til kommunearbeidarar i den regionale kommunen. Etter kvart som tida gjekk endra dette seg, og i dag bur det folk her med forskjellige yrke, i motsetnad til dei andre busetnadane i Arava, som hovudsakleg driv med jordbruk.
Nær busetnaden ligg det ein naturpark og ei flystripe.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Sapir, Israel» frå Wikipedia på engelsk, den 9. september 2015.