Senlis

Senlis
Notre-Dame de Senlis
Notre-Dame de Senlis
Notre-Dame de Senlis
Byvåpenet til Senlis
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Hauts-de-France
Oise
Geografi
Flatevidd 24,05 km²
Flatevidd
 - By

24,05 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

17 192
  715/km²
Koordinatar 49°12′N 02°35′E / 49.200°N 2.583°E / 49.200; 2.583
Høgd over havet 76 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Postnummer 60300
Heimeside: www.ville-senlis.fr

Senlis er ein by og kommune nord i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Oise i regionen Hauts-de-France, og har om lag 17 000 innbyggjarar. Byen ligg om lag 50 km nord for Paris.

Senlis ligg ved elva Nonette, som er ei sideelv til elva Oise.

Historie

Senlis var først ein gallo-romersk busetnad. Monarkane i det tidlege franske dynastiet budde her nær skogen Forêt de Chantilly og rådyra der. Dei bygde eit slott over den gamle romerske busetnaden. I 987 kalla erkebiskopen av Reims, Adalberon, i saman ei samling og bad dei velje Hugo Capet som konge av Frankrike. Monarkane i Frankrike forlet derimot snart byen og heldt seg heller i Compiègne og Fontainebleau. Byen fekk nytt liv på 1100-talet og det vart bygd festningsvollar, men det gjekk så sakte nedover med byen igjen. I dag trekk byen til seg turistar på grunn av si lange historie og band til monarkiet.

Bakgrunnsstoff