Sigurd Mathisen
Sigurd Mathisen | |
![]() | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 26. april 1883 Christiania |
Død | |
Yrke | skøyteløpar |
Sigurd Mathisen på Commons |
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/0/01/De_norske_representanter_ved_verdensmesterskabsl%C3%B8bene_i_Davos_1908.jpg/220px-De_norske_representanter_ved_verdensmesterskabsl%C3%B8bene_i_Davos_1908.jpg)
Sigurd Waldemar Mathisen (26. april 1883–4. mars 1919) var ein norsk skeiseløpar og ekspeditør frå Kristiania, medlem i Kristiania Skøiteklub og bror til Oscar Mathisen.
Sigurd Mathisen var ein av landets beste skeiseløparar i tida 1902 til 1911. I verdsmeisterskapen 1904 vart han andremann etter Peter Sinnerud. Sinnerud vart seinare fråteken VM-tittelen fordi han skulle ha teke mot pengar for skeiseløp i USA, og Mathisen utropt til vinnar. I 1915 vart diskvalifikasjonen av Sinnerud oppheva av ISU, men Mathisen står framleis som verdsmeister.
I 1908 sette Mathisen verdsrekord på 500 meter i Davos med tida 44,4 sekundar. Han oppnådde aldri å verte noregsmeister, men han var på sigerspallen seks gongar, i fleire høve under sin yngre bror Oscar.
Kjelder
- Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1957