Simon Kildal

Simon Kildal
Fødd1. januar 1796
Steigen kommune
Død11. august 1837 (41 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkeprest, politikar
Farsimon Kildal
Alle verv

Simon Nikolai Kildal (1. januar 179611. august 1837) var ein norsk prest og stortingsmann.

Kildal var fødd i Steigen, der far hans var prest. Sjølv vart han student frå Bergens skole i 1817 og cand. theol. i 1822. Sokneprest i Skjervøy i eitt år frå 1823. Deretter sokneprest i Trondenes frå 1824 til han døydde.

Han var 2. representant frå Finmarkens amt (både Finnmark og Troms) på Stortinget, både i 1827, på overordentleg storting 1828 og stortinget 1830. I 1827 var han formann i redaksjonskomiteen og medlem av budsjettkomiteen. Også med i budsjettkomiteen i 1830, og formann i gasje- og pensjonskomiteen.

Kildal døydde i Trondenes i 1837.

Kjelder