Singet dem Herrn
BWV 225 Motett av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Koral | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1727 | ||
Urframføring | 1727 | ||
Publiseringsdato | 1802 | ||
Typisk lengd | 13:32 | ||
Satsar/akter | 4 | ||
Toneart | B-dur |
Singet dem Herrn ein neues Lied, BWV 225, er ein motett komponert av Johann Sebastian Bach. Motetten vert rekna som den største av dei fem motettane som Bach komponerte.[1]
Han vart komponert i Leipzig i 1727. Ein kjenner ikkje til kvifor Bach skreiv motettane sine, bortsett frå Fürchte dich nicht, ich bin bei dir, BWV 228. Det var ingen krav i stillinga hans at han skulle skrive motettar for den lutherske liturgien i Leipzig, noko som forklarar kvifor han skreiv så få av dei, men somme ser ut til å ha vorte skrivne for gravferder.[1] Bach-forskaren Chritoph Wolff meiner at motettane vart skrivne for å lære elevane til Bach forskjellige komposisjons- og framføringsteknikkar. Dette høver godt inn for denne kompliserte og særs nyskapande motetten. Moteten er særs teknisk krevjande for songarane.[1]
Teksten er henta frå Salme 149: 1-3; Salme 150: 2 & 6 og Johann Gramann (Poliander) (1530).
I motsetnad til kantatane til Bach, som raskt forsvann frå repertoaret etter Bach døydde, vart motettane hans mykje spelt i Leipzig. I 1789 vart denne motetten framført for Mozart då han vitja byen og han skal ha sagt då han høyrte motetten: «Dette er verkeleg noko ein kan lære mykje av!»[1]
Instrumentering og struktur
Stykket er instrumentert for åttedelt kor (SATB, SATB).
Det består av fire satsar:
- «Singet dem Herrn ein neues Lied», Koral
- «Gott, nimm dich ferner unser an», Koral
- «Lobet den Herrn in seinen Taten», Koral
- «Alles, was Odem hat, lobe den Herrn», Koral
Kjelder
- «Motets BWV 225-231». Bach Cantatas. Henta 21. april 2010.
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 Brian Robins. «Singet dem Herrn ein neues Lied, motet for chorus, BWV 225 (BC C1)». Allmusic. Henta 21. april 2010.
Bakgrunnsstoff
- BWV 225 på bach-cantatas.com