Sinnataggen
Sinnataggen er det vanleg nytta namnet på ein 83 cm høg skulptur av bronse som Gustav Vigeland har laga og fått plassert mellom fleire andre skulpturar på brua i Vigelandsanlegget i Frognerparken i Oslo. Skulpturen syner ein særs sinna liten gut, og er mellom dei mest vidgjetne einskildskulpturane Vigeland står attom. Truleg var det i 1928 at Vigeland modellerte skulpturen, som vart sett opp i 1940.
Sinnataggen har vore utsett for hærverk fleire gongar, og har og vorte saga ned og fjerna, men har kome til rette att.
Bakgrunnsstoff og kjelder
Om brua i Vigelandsanlegget og skulpturane på brua, på Vigelandsmuseets internettsider. Arkivert 2012-05-16 ved Wayback Machine.