Sitronsyre

Sitronsyre (C6H8O7) er ei organisk syre med tre karboksylgrupper. Syra finst i frukt, til dømes sitron. Salt av sitronsyre heiter sitrat.
Historie

Syra vart oppdaga av Carl Wilhelm Scheele i sitronsaft i 1784.
Førekomst
Sitronsyre er mellom dei vanlegaste syrene i plantar. Til dømes inneheld sitronsaft 5-7 % sitronsyre.
Bruk
Syra er ein antioksidant med nummer E-330. Sitronsyre vert seld som små posar med pulver i butikkar og vert brukt som konserveringsmiddel.
Sjå òg
- sitronsyresyklusen