Skaun kyrkje
Skaun kyrkje | |||
kyrkje | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Nidaros | ||
Prosti | Orkdal | ||
Sokn | Skaun | ||
Fellesråd | Skaun | ||
Type | langkyrkje | ||
Periode | tidleg gotikk[1] | ||
Material | stein | ||
Innvigd | kring 1180[2] | ||
Takryttar | over vestre enden av skipet | ||
Portal | Vestportal i skipet: Halvsøyler, skivekapitèl, vulst Sørportalen i skipet: Halvsøyler, eit skivekapitèl og eit kapitèl med bladornament, vulst | ||
Kor | 9,2 x 7,35 m.[3] | ||
Skip | 16,5 x 13,1 m.[3] | ||
Kyrkjegard | rundt kyrkja | ||
Preikestol | frå 1665, av Ole Biltsnider[1] | ||
Døypefont | frå 1980[1] | ||
Altartavle | frå 1773[1] | ||
Skaun kyrkje 63°15′04″N 10°03′05″E / 63.251°N 10.051416666667°E | |||
Wikimedia Commons: Skaun kyrkje |
Skaun kyrkje, også kalla Ven kyrkje og Venn kyrkje, står på Venn i Skaun kommune i Trøndelag fylke, og er ei steinkyrkje frå kring 1180.[2] Kyrkja er godt bevard og murane og opningane har ikkje vore gjennom store ombyggingar eller endringar.[3] Det viktigaste inventarstykket er Skaun-antemensalet frå kring 1250.
Kyrkja er soknekyrkje i Skaun kyrkjesokn i Orkdal prosti i Den norske kyrkja.
Bygget
Dei utvendige måla for kyrkjeskipet er 16,5 x 13,1 m. og for koret 7,35 x 9,2 m.[3] Kyrkja har fire portalar; mot vest, nord og sør i skipet, og mot sør i koret.[3] Dei mest forseggjorte er vest- og sørportalen i skipet.[3] Inni kyrkja er bogen mellom skipet og koret ein enkel spissboge med utstikkande vederlagssteinar.[3] Steinhoggararbeidet er av høg kvalitet og på portalane er det steinhoggarmerke (personlege signaturar steinhoggarane sette på arbeida sine) som også har vortne funne på Nidaorosdom-oktagonen.[3] Anten har det vore steinhoggarar frå Nidarosdomen i Skaun, eller så er portalsteinen hoggen til i Trondheim og frakta til Skaun.[3]
I skipet er det to vindaugsopningar på kvar av langsidene (nord- og sørsida) og i koret er det vindauge mot nord, aust og sør.[3]
Inventar
Alterfrontal
Skaun-antemensale er i unggotikk frå kring 1250 og er ein av svært få altarfrontalar som er bevard i kyrkja si. Det har Maria møy med Jesubarnet som motiv.[2]
Altertavle
Altertavla er i frå 1773 og er ibarokkstil. Ho har nattverden og krossfestinga som motiv.[1]
Preikestol
Preikestolen er skoren av Ole Biltsnider i 1665.[1] Årstalet 1665 står på baldakinen over preikestolen.[2]
Døypefont
Døypefonten er frå 1980 og er i tre.[1]
Orgel
Kyrkja har eit mekanisk pipeorgel frå 1981. Det har 16 stemmer og er laga av Bruno Christensen og Sønner.[1]
Kyrkjeklokke
Det er ei klokke i kyrkja, ho er frå 1754. På henne står det å lese: «Gid denne klokke saa for kirkens folk maa lyde, at de af Guds ord maa forbedringsfrugter yde.»[1]
Referansar
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 1,8 Alf Henry Rasmussen, red. (1993). «Skaun kirke». Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo Forlag. s. 242. ISBN 82-7527-022-7.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 «Om Skaun kyrkje på nettstaden til Orkdal prosti». Vitja 11. juni 2009
- ↑ 3,00 3,01 3,02 3,03 3,04 3,05 3,06 3,07 3,08 3,09 3,10 Øystein Ekroll (1997). «Skaun kyrkje». Med kleber og kalk : norsk steinbygging i mellomalderen. Oslo: Samlaget. s. 282. ISBN 82-521-4754-2.