Skipssetjing
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/6/69/Ales_stenar_bred.jpg/220px-Ales_stenar_bred.jpg)
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/7/7e/Gotland-Tjelvars_grav_2.jpg/220px-Gotland-Tjelvars_grav_2.jpg)
Skipssetjing (skipssetting) er den arkeologiske nemninga på steinar som i gamal tid er sett opp i to radar på det viset at dei dannar forma på ein open båt sett ovanfrå, ofte med ein større stein i kvar ende for truleg å markere baugen og akterenden på båten. Slike steinsetjingar er vanlege i Norden, òg i Noreg. Dei skriv seg hovudsakleg frå jarnalderen (400-1050 e.Kr), særleg frå den seinare parten av jarnalderen, men somme er òg tidfesta til yngre bronsealder, og soleis mykje eldre. Etter funna i nokre av dei å døme, har dei vore nytta som graver.
Dei mest vidgjetne skipssetjingane i Norden er truleg dei som er å sjå på Lindholm Høje og Klebæk Høje på Jylland i Danmark, Ales stenar og Hjortahammar i Blekinge i Sverige, og Istrehågan i Noreg.