Slave

Slavegut i Zanzibar. Fotografi frå 1890-åra.

Ein slave er ein person som vert eigd av ein annan person eller ei verksemd for å utføra arbeid. Organiseringa av slavearbeid blir kalla slaveri.

Ein som er halden som slave har få eller ingen rettar. Han må jobbe som han får beskjed om og kan ikkje reisa dit han vil, men må flytta om eigaren hans seier det. Han kan ikkje ha fast eigedom og kan bli skild frå familien sin utan varsel.

Eit menneske kan bli slave ved å bli teken til fange av bandittar eller i krig, ved å bli seld av familien sin eller ved å ikkje kunne betala ei gjeld, eller ved å bli fødd av foreldre som er slavar. Å bli slave inneheld ofte tvang, men ikkje alltid. Det kan somme tider innebera eit lettare liv enn fattigdom og svolt.

Ordsoge

Ordet slave kjem frå det latinske ordet sclavus, som romarane brukte om ei slavisk folkegruppe. Romarane hadde vunne over dette folket og brukte dei fleste av dei som slavar.

Sara fører Hagar til Abraham. Måleri av Matthias Stom frå 1630-åra.
Peter, halden som slave i Louisiana, viste fram piskearra sine i 1863.
Portrett av Olaudah Equiano.

Kjende slavar

Nemnd i Bibelen

Mellomalderen

  • Tormod Kark, trælen og drapsmannen til Håkon jarl
  • Mamelukkane var ei slavegruppe i Egypt som i 1250 grunnla eit dynasti i landet.
  • Shajar al-Durr, egyptisk sultaninne
  • Qutb ud din Aibak, som grunnla Slavedynastiet i Delhisultanatet

Under trekanthandelen:

  • Olaudah Equiano/Gustavus Vasa, var ein igbo som blei teken som slave i noverande Nigeria og frakta til Amerika. Han kjøpte seg fri og blei seinare ein kjend forfattar og motstandar av slaveriet.
  • Zumbi, brasiliansk opprørsleiar
  • Ganga Zumba, brasiliansk quilomboleiar
  • Anna Kingsley, senegalesisk-amerikansk slave og seinare plantasjeeigar
  • Chico Rei, halvmytisk brasiliansk slave som kjøpte fri sonen sin og seg sjølv

Moderne tid

  • Toussaint L'Ouverture, haitisk opprørsleiar
  • Jean-Jacques Dessalines, haitisk opprørsleiar og statsoverhovud
  • Chica da Silva, brasiliansk frigjort slave som sjølv blei ein rik slaveeigar
  • Nat Turner, opprørsleiar for slavar i Virginia
  • Denmark Vesey, afro-karibisk slave dømd for opprørsplanar
  • London Ferrill, USA-amerikansk frigjort slave og metodistleiar
  • Frederick Douglass, USA-amerikansk slave som rømte og blei ein kjend slaverimotstandar, talar, forfattar og statsmann
  • Harriet Tubman, USA-amerikansk slave som rømte og blei aktiv i slavefrigjering og borgarrettskamp
  • Mary Fields/«Stagecoach Mary», frigjort slave kjend som postbod

Sjå òg