Slottet i Versailles
Slottet i Versailles | |
| |
Arkitekt | Louis Le Vau, François d'Orbay, Jules Hardouin-Mansart, André Le Nôtre, Charles Le Brun, Robert de Cotte, Ange-Jacques Gabriel |
---|---|
Stil | nyklassisistisk arkitektur, fransk barokkarkitektur |
Slottet i Versailles |
Slottet i Versailles (fransk Château de Versailles), ofte berre kalla Versailles, er eit kongeleg slott i Versailles vest for Paris sentrum.
Det majestetiske slottet og parken rundt blei oppført av Ludvig XIV, kjend som Solkongen, for å visa fram makta si og for å flytta frå opprørske Paris.
Slottet er kjend for ei rekke historiske hendingar, som utropinga av Det tyske keisarriket i 1871 etter at Frankrike tapte den fransk-prøyssiske krigen, og Versaillestraktaten som blei utforma og underskriven her etter første verdskrigen.
Det barokke slottet i Versailles inspirerte monarkar og andre byggherrar rundt om i Europa til å oppføra liknande bygg. Det står i dag på UNESCO-lista over verdsarva.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Slottet i Versailles