Snøsporv

Snøsporv
Snøsporv
Snøsporv

Læte
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av snøsporv
Utbreiinga av snøsporv
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Busksporvfamilien Emberizidae
Slekt: Plectrophenax
Art: Snøsporv P. nivalis
Vitskapleg namn
Plectrophenax nivalis
Snøsporvegg frå Ny-Ålesund

Snøsporv (Plectrophenax nivalis) er ein trekkfugl i ein nyleg oppretta familie Calcariidae.

Fuglen er sporvestor. Fjørdrakta er for det meste kvit, men fuglen er svart på vengene.

Utbreiing

Snøsporven har sirkumpolar utbreiing nord for tregrensa. Han finst òg i fjellstrøk i Fennoskandia.

I Noreg hekkar snøsporven i høgfjellet i det meste av landet. I nord hekkar fuglen òg ved kysten. Populasjonen gjekk sterkt attende i perioden 2002 til 2012. Forskarane meinte at nedgangen kan vere relatert til klimaendringar.[1]

Levevis

Snøsporven er på hekkeplassen i april-mai. Hannane kjem først. Reiret vert hovudsakleg bygd av hoa. Ho legg 5-6 egg, som ho rugar i 12-13 døgn.

Kjelder

  1. Færre fugl i fjellet, Norsk institutt for naturforskning, 3.12.2013 

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Snøsporv