Solør, Vinger og Odal prosti
Solør, Odal og Vinger prosti er eit tenestedistrikt i Hamar bispedømme i Den norske kyrkja, med prostesete på Kongsvinger. Geografisk fell det saman med Glåmdalsregionen.
Historikk
Prostiet vart oppretta i 1855[1] ved frådeling av Øvre Romerike prosti. Det heitte då Solør og Odal prosti. 1868 vart nordre Solør (Våler og Åsnes prestegjeld) overført til det då nyoppretta Sør-Østerdal prosti[2]. I 1922 vart også søre Solør (Hof, Grue og Brandval prestegjeld) fråskilt, då Solør prosti vart oppretta, og det attverande prostiet skifta namn til Vinger og Odal prosti.[3] Brandval vart flytta tilbake i 1990.[4] I 2013 fekk prostiet igjen sine opphavlege grenser, då det vart utvida med nedlagde Solør prosti, men fekk det noverande namnet Solør, Vinger og Odal prosti.[5]
- Kongsvinger kommune
- Vinger sokn
- Austmarka sokn
- Brandval sokn
- Eidskog kommune
- Eidskog sokn
- Vestmarka sokn
- Sør-Odal kommune
- Strøm sokn
- Ullern sokn
- Oppstad sokn
- Nord-Odal kommune
- Sand sokn
- Mo sokn
- Grue kommune
- Grue sokn
- Grue Finnskog sokn
- Åsnes kommune
- Åsnes sokn
- Gjesåsen sokn
- Åsnes Finnskog sokn
- Hof sokn
- Arneberg sokn
- Hof Finnskog sokn
- Våler kommune
- Våler sokn
- Gravberget sokn