Solberg Sportsklubb er eit idrettslag heimehøyrande på Solbergelva i Drammen kommune. Idrettslaget vart stifta 26. november 1929. Solberg SK har særleg utmerka seg i bandy og vorte norsk meister ved fleire høve. Fotballaget til Solberg spelte i 1952 NM-finale i fotball, ein kamp som enda med tap 2–3 for Idrettslaget Sparta. Elles er Solberg SK aktivt med i handball og turn.