Solbjørg
Solbjørg er eit kvinnenamn av norrønt opphav. Det norrøne Salbjǫrg var sett saman av sól, 'sol', salr, 'hus' eller sölr, 'gul', og bjǫrg, 'hjelp, berging'. Ei anna ny norsk form av namnet er Solborg, medan Sólbjörg er den islandske forma.
Solbjørg har namnedag den 30. juni i Noreg.
Namneberarar
- Sissel Solbjørg Bjugn (f. 1947), norsk forfattar
- Solbjørg Højfeldt (f. 1947), dansk skodespelar
- Solbjørg Tveiten, norsk folkesongar
- Solbjørg Thorsen Tveit, norsk songar
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Solbjørg» frå Wikipedia på bokmål, den 29. juni 2009.