Paavo Nurmi tenner OL-elden på olympiastadion i Helsingfors
Sommar-OL 1952 vart halde i Helsingfors i Finland. USA vart beste nasjon, medan Noreg tok 3 gullmedaljar.
Dette var første gongen eit lag frå Sovjetunionen var med i leikane. Gymnastikklaget vann den første gullmedaljen av åtte samanhengjande i dei følgjande leikane.
Medan Tyskland hadde vore utestengd i 1948 fekk landet no senda deltakarar. Berre idrettsfolk frå Vest-Tyskland konkurrerte.