Stikkontakt

Europeisk veggmontert stikkontakt med jording. Hola på den viste kontakten har pirkesikring som skal hindre at born stikk ting inn i den straumførande delen av kontakten.

Ein stikkontakt er ein fastmontert elektrisk kontakt med hol for å plugge inn eit støpsel. Stikkontaktar vil oftast vere tilknytte det offentlege straumnettet, i Noreg med 230 V spenning.