Stivkrampe
Stivkrampe | |||
![]() Kjevesperre er eit symptom på stivkrampe. | |||
Klassifikasjonar og ressursar | |||
---|---|---|---|
MeSH | D013742 |
Stivkrampe (tetanus) er ein sjukdom i nervesystemet som forårsaker mellom anna krampar. Stivkrampe blir forårsaka av ein infeksjon med stivkrampebakterien (Clostridium tetani) som dannar eit giftig toksin. Det er spesielt toksinet som er sjukdomsframkallande. Stivkrampe er ein svært alvorleg sjukdom. Det er også ein reisesjukdom, og det er større fare for å få sjukdommen ved reising til enkelte land, særleg i varmare strøk.
Tilstanden
Stivkrampe/tetanus er ein sjukdom i nervesystemet som forårsakar krampar. Han kjem av tetanusbakteriar som finst i jord, skit og gjødsel. Stivkrampebakterien er ein grampositiv, anaerob bakterie som dannar sporar. Ein kan bli smitta gjennom kontakt med jord eller avføring frå dyr eller menneske, til dømes gjennom sår som blir forureina. Ein gjev vaksine mot sjukdommen i barnevaksinasjonsprogram fordi han har høg døyelegheit.
Tetanusbakterien angrip nervesystemet og gjev muskelstive og smertefulle krampar. Han er døyeleg. Bakterien produserer ei gift som skader dei motoriske nerveendeplatene utan samtidig å skada acetylkolinet. Dette framkallar kraftige krampar, såkalla tetani. Det er altså toksinet bakterien skil ut som er farleg, då det lammar både det motoriske og det sensoriske nervesystemet. I nyfødtperioden kan navlen vera inngangsport. Seinare i livet kan spora koma inn i kroppen gjennom forureina sår.
Dei fleste barn blir vaksinerte mot tetanus. Sjukdommen opptrer derfor i dag oftast som sporadiske tilfelle etter sårskader. Bakterien finst i jordsmonn og i tarmen hjå menneske. Han finst også i tarmen til andre dyr, særleg dyr som beiter på gras. Mange blir smitta ved at bakterien blir overført etter djupe sårskader som bitesår, stikksår eller spikartramp, eller ved at jord kjem inn i rifter eller sår i huda. Sjukdommen smittar ikkje frå person til person.
Det siste dødsfallet av stivkrampe i Noreg var i 1981. Bakterien finst likevel framleis i jordsmonnet i heile Noreg.
Stivkrampe som reisesjukdom
Stivkrampe er ein sjeldan sjukdom, men ein sjeldan gong kan det skje at nokon får stivkrampe som reisesjukdom, som også blir kalla stivkrampe ved reising eller reiseassosiert stivkrampe. Ein kan verna seg mot sjukdommen med reisevaksine mot stivkrampe viss ein er uvaksinert, eller ved å oppdatera vaksinen viss det er meir enn 5-10 år sidan ein tok den siste i 11-12-årsalderen. Ved vaksinasjon før reiser blir den såkalla duovaksinen brukt, som samtidig også er ein vaksine mot difteri.
Historie
I dei fyrste månadene av den fyrste verdskrigen blei lagera for stivkrampevaksine raskt tømde. To tusen tyske og mange britiske soldatar blei ramma av stivkrampe. Dei britiske styrkane mista 32 mann for kvar 1000 soldat som blei såra. Ved slutten av krigen, etter at amerikanske soldatar var vaksinerte mot stivkrampe, blei det rapportert til saman berre fire tilfelle av tetanus.
Det første tetanusantiserumet blei framstilt i Tyskland i 1890 ved at tetanusantitoksin blei framstilt frå hesteserum etter aktiv immunisering. I Noreg blei vaksinen innført i barnevaksinasjonsprogrammet i 1952. Vaksinen består av avgifta og reinsa tetanustoksin.
I 1994 var 80 % av alle barna i verda vaksinerte mot tetanus i det fyrste leveåret sitt. Likevel var ikkje meir enn 50 % av barna verna fordi mødrene deira ikkje hadde vore vaksinerte medan dei var gravide. Då kunne dei heller ikkje overføra vernande antistoff til barnet. Manglande vaksinasjonsdekning av mødrene rammar også kvinnene sjølv. Kvart år døyr om lag 30 000–60 000 kvinner på grunn av stivkrampe som oppstår i samband med fødselen.
Fattige land ber hovudbyrda av tetanus. Årsaka til sjukdommen er gjerne uhygieniske forhold i samband med fødselen.
I India til dømes, der fattigdom er utbreidd over heile landet, er den generelle vaksinasjonsdekninga mot stivkrampe god (ca. 80 %). Likevel ser ein 40000 – 60000 dødsfall kvart år på grunn av tetanus. 70 % av dødsfalla skjer likevel i fire av indiske delstatane der vaksinasjonsdekninga er dårleg .
Eitt problem ved tetanusvaksinen, som delvis forklarer den låge globale vaksinasjonsdekninga, er behovet for gjentekne booster-dosar. Det blir arbeidd i fleire land med å utvikla ein vaksine med ein einskild dose.
Teikn
Avhengig av kor mykje bakteriar ein får i såret tek det frå tre dagar til tre veker før ein blir sjuk. Bakterien angrip nervesystemet og gjev stive musklar og smertefulle krampar. Det startar med stivheit i kjevane og muskulaturen i ansiktet. Det kan sjå ut som den sjuka ler eller hevar augebryna. Etter kvart blir det utvikla krampar i musklane i heile kroppen. Dette går også utover musklane som ein pustar med.
Liste over typiske trekk ved stivkrampe:
- Opisthotonus, krampeaktig bakoverbøying av hovud og kropp.
- Risus sardonicus, fortrekt smil på grunn av krampar i ansiktet.
- Kjevesperre, ofte det første teiknet som oppstår.
- Stivheit i kroppen.
- Krampar.
Undersøkingar
Sjukehistoria og symptoma er ofte typiske. Dyrking eller andre prøver gjev alltid usikre resultat. Diagnosen blir derfor stilt ved at legen undersøkjer pasienten og gjer ei vurdering.
Tiltak
Dei fleste får stivkrampevaksine som effektivt hindrar sjukdommen. I tillegg blir det vaksinert etter spesielle reglar ved sårskader. Vaksine mot stivkrampe har vore ein del av barnevaksinasjonsprogrammet sidan 1952. Etter grunnvaksinasjonen er bortimot 100 prosent av dei vaksinerte verna mot stivkrampe i 10 år.
Det er den høge dødelegheita ved infeksjonssjukdommen som er årsaka til at vaksine blir tilrådd.
Dei som blir ramma av sjukdommen blir behandla ved omfattende revidering av såret, om nødvendig. Spesifikke immunoglobulin mot stivkrampebakterien blir også kalla antitoksin mot tetanus.
Tida etterpå
Stivkrampe er ein alvorleg sjukdom. Mellom 10 og 90 prosent døyr av denne sjukdommen slik han rammar i dag. Døyelegheita er størst hjå barn og eldre. Døyelegheita aukar med talet på bakteriar, og viss det går kort tid frå såret oppstod til pasienten utviklar symptom. Ubehandla vil rundt 50 prosent døy av eit naturleg sjukdomsforløp av infeksjonen.
Komplikasjonar knytte til stivkrampe:
- Luftvegar:
- atelektase (lufttomt og samanfalle lungevev)
- lungebetennelse
- omfattande sekret i munn og øvre del av luftvegane
- aspirasjon av sekret, det vil seia sekret som blir soge frå halsen og ned i lungene
- Hjarte- og karsystemet;
- takykardi (høg puls)
- sveitte
- alvorleg og vedvarande lågt blodtrykk (hypotensjon)
- Skjelettet:
- brot, vanlegvis i ryggen, på grunn av dei kraftige krampane.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Stivkrampe» frå Wikipedia på bokmål, den 26. januar 2025.