Stonehenge

Stonehenge er eit forhistorisk monument i Amesbury rundt 13 km nordvest for Salisbury i Wiltshire i England. Det består av ei sirkelforma steinsetting, omgitt av ei ringgrav og ein rund jordvoll. Steinsettinga blei truleg reist mellom 2500 f.Kr. og 2000-talet f.Kr., det vil seia i bronsealderen, medan vollen og grava er frå rundt 3100 f.Kr., altså yngre steinalder. Stonehenge, Avebury og omgjevnadene blei sette på UNESCO si verdsarvliste i 1986.
Bakgrunnsstoff
- Hvem var menneskene som ble begravd i Stonehenge? ved forskning.no