Subkarpatiske voivodskap
Subkarpatiske | |||
voivodskap | |||
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Rzeszów | ||
Areal | 17 844,0 km² | ||
Folketal | 2 121 229 (2020)[1] | ||
Subkarpatiske voivodskap 49°57′00″N 22°10′00″E / 49.95°N 22.166666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Subcarpathian Voivodeship |
Subkarpatiske voivodskap (polsk Województwo podkarpackie eller berre Podkarpackie) er ein av 16 voivodskap i Polen. Det ligg søraust i Polen og den administrative byen er Rzeszów. Tidlegare var Lwów administrasjonssete, men etter 1945 då Lwów vart ein del av Sovjetunionen, tok Rzeszów over denne rolla.
Voivodskapet vart oppretta 1. januar 1999 av dei tidlegare voivodskapa Rzeszów, Przemyśl, Krosno og delar av Tarnów og Tarnobrzeg. Namnet på regionen kjem av at han ligg nær Karpatane.
Det grensar til Veslepolske voivodskap i vest, Święty Krzyż-voivodskapet i nordvest, Lublin-voivodskapet i nord, Ukraina i aust og Slovakia i sør. I 2020 hadde voivodskapet 2 121 229 innbyggjarar, og med eit areal på 17 844 km².
Byar og landsbyar
Voivodskapet inneheld 46 byar og landsbyar. Folketala i lista under er frå 2006 [1]):
1. Rzeszów (163 155) | 24. Nowa Sarzyna (6 308) |
Administrativ inndeling
Subkarpatiske voivodskap er delt inn i 25 fylke (powiat) og fire av desse er byfylke, og 21 landfylke. Desse er igjen delt inn i 159 gmina eller kommunar.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Subcarpathian Voivodeship» frå Wikipedia på engelsk, den 22. mai 2008.