Surströmming
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/6/6a/Surstr%C3%B6mming.jpg/220px-Surstr%C3%B6mming.jpg)
Surströmming (surstrømming) er strömming (svensk nemning for sild som er fiska i Austersjøen) som er foredla og konservert ved fermentering (gjæring). Den rensa silda vert salta og lagt i opne kar, der enzym og bakteriar skapar illeluktande syrer av sukkerartar i fisken. Deretter vert fisken lagt i tette blekkboksar for å ettergjære. Utviklinga av gassar under ettergjæringa vil faktisk kunne føre til at surströmmingsboksar eksploderar, og i alle høve er innhaldet av ein slik konsistens og lukt at det berre er eit fåtal som sett pris på denne sjeldsynte svenske matretten. Det er særleg i kystområdet Höga kusten i Ångermanland (Västernorrlands län) i Sverige at det vert produsert surströmming.