Svartjord

Svartjord (av russisk чернозём, tsjernoziom, som tyder 'svartjord') er eit jordsmonn som ein finn på steppene nord og aust for Svartehavet, danna av løss. Det finst òg i Mellom- og Søraust-Europa, og prærien i Nord-Amerika og pampasen i Sør-Amerika har liknande jordtypar. Ein stor del av kveiteproduksjonen i verda føregår på slik jord som er av dei mest fruktbare i verda.
I Noreg vart omgrepet svartjord tidlegare nytta om jord som er utvikla av alunskifer og anna svart leirskifer.
Sjå òg
Kjelder
- «svartjord», Store norske leksikon, 6. mars 2012