Tømmerklave
Tømmerklave er ein reiskap som vert nytta til å måla diameteren på tømmer og er utforma som eit stort skyvelære. Tømmerklavar var fyrst og fremst nytta til å måla skurtømmer og slip, men dei er òg nyttige ved lafting.
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/9/99/Kluppen.jpg/220px-Kluppen.jpg)
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/3/3b/Kluppeneinsatz.jpg/220px-Kluppeneinsatz.jpg)
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/0/0e/Arvidsjaurklave.jpg/220px-Arvidsjaurklave.jpg)
Tommerklavar kan ha forskjellig utforming og bruk:
- Presisjonsklaven er ein toarma stålklave med millimeterskala på linjalen.
- Taksasjonsklaven er ein toarma stålklave med diameterklassar (avrunda centimeterverdiar) på linjalen.
- Kubikk-klaven er ein toarma stålklave med innprega volumtabell som i kombinasjon med skant eller måleband brukast til å måle voluminnhald i kubikkdesimeter for kappa tømmer (midtmåling).
- Arvidsjaurklaven er ein treklave utan rørleg arm, men med krum linjal. Med denne klaven treng ein berre ei hand for å lese ein omtrentleg (avrunda) diameter, slik at den andre handa er ledig for blinkeøksa.[1]
Kommunevåpnet til Flesberg har to tømmerklavar.
Bakgrunnsstoff
- Tømmermålingens Historie Arkivert 2007-04-29 ved Wayback Machine., Norges Virkesmåling.
Sjå òg
- Tømmermåling