Tawakkul Karman

Tawakkul Karman

Fødd7. februar 1979 (45 år)
Taiz
Statsborgar avJemen
Yrkefredsaktivist, journalist, politikar, menneskerettsaktivist
Utdanna vedSana'a University
University of Alberta
MedlemNobel Women's Initiative

Tawakel Karman[1] (fødd 7. februar 1979) er ein jemenittisk politikar som blei tildelt Nobels fredspris i 2011. Karman er menneskerettsaktivist og eit medlem av opposisjonspartiet Al-Islah. Ho er leiar av gruppa «Kvinnelege journalister utan lenker» som ho oppretta i 2005.

Arbeid for demokrati og menneskerettar

Tawakul Karman starta menneskerettsgruppa «Kvinnelege journalistar utan lenker» (WJWC) i 2005 for å fremje menneskerettar, «særleg fridom til meinings-og ytringsfridom og demokratiske rettar». Karman sa at ho har fått «truslar og freistingar» frå styresmakter ved telefon og brev på grunn av at ho nekta å godta Informasjonsdepartementet si avvisning av WJWC sin søknad om å lovleg skape ein avis og en radiostasjon. Frå 2007 til 2010 har Karman regelmessig leia demonstrasjonar og sitt ned-aksjonar på Fridomsplassen i Sana.

I 2011, under «den arabiske våren», organiserte Karman studentdemonstrasjonar mot styret i landet. Ho blei arrestert i januar og mars det året, men sleppt fri att og fortsette å halda protestar.

Karman har også engasjert seg mot barneekteskap og for å heva den seksuelle lågalderen i Jemen.

Bakgrunn

Karman vart fødd i byen Taiz sør i Jemen som dotter av Abdel Salam Karman, ein politikar og juridisk ekspert. Ho er gift med Mohammed og har tre born.

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Fotnotar
  1. Arabisk توكل كرمان, . Namnet Tawakull blir også stava "Tawakel", "Tawakul" og "Tawakkul"