The Gathering
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/9/92/The_Gathering_2009_by_NRKbeta.jpg/350px-The_Gathering_2009_by_NRKbeta.jpg)
The Gathering (ofte forkorta til TG) er eit datatreff som sidan 1996 har vore arrangert av KANDU kvar påske i Vikingskipet på Hamar. Det er det største datatreffet i Noreg og det nest største datatreffet i verda etter Dreamhack i Sverige. Arrangementet skulle eigentleg starte i 1991, men blei arrangert for første gang i påsken 1992, og har blitt arrangert kvar påske sidan. Arrangementet har sidan 1996 funne stad i Vikingskipet på Hamar og varer fem dagar i strekk. The Gathering samlar kvart år over fem tusen deltakarar og frivillige som hovudsakleg er unge menneskjer med interesse for data.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «The Gathering» frå Wikipedia på bokmål, den 5. april 2012.