The Golden Boy
The Golden Boy Singel av Freddie Mercury & Montserrat Caballé frå albumet Barcelona | ||
B-side |
«The Fallen Priest» (5:46) | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 24. oktober 1988 | |
Innspelt | 1987 | |
Sjanger | Classical crossover | |
Lengd | 6:05 | |
Selskap | Polydor | |
Tekstforfattar | Freddie Mercury | |
Låtskrivar(ar) | Freddie Mercury, Mike Moran, Tim Rice | |
Produsent | Freddie Mercury, Mike Moran, David Richards | |
Freddie Mercury-kronologi | ||
«Barcelona» (1987) |
The Golden Boy | «How Can I Go On» (1988)
|
The Golden Boy er ein song spelt inn av Queen-songaren Freddie Mercury i lag med den katalanske opera-sopranen Montserrat Caballé.
Oversyn
Han vart opphavleg gjeven ut på albumet Barcelona, og som singel to veker etter albumet kom ut, med eit anna utdrag frå albumet, «The Fallen Priest», som B-side. Ein instrumental versjon av songen vart gjeven ut på 12"- og CD-singelen. Singelen nådde 83. plassen på UK Singles Chart i Storbritannia.
Medverkande
- Freddie Mercury - vokal, piano, arrangement
- Montserrat Caballe - vokal
- Mike Moran - klaverinstrument, programmering, arrangement
- Madeline Bell - korvokal
- Dennis Bishop - korvokal
- Lance Ellington - korvokal
- Miriam Stockley - korvokal
- Peter Straker - korvokal
- Mark Williamson - korvokal
- Carol Woods - korvokal
Innhald
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «The Golden Boy» | Freddie Mercury, Mike Moran, Jim Vallance | 6:05 |
2. | «The Fallen Priest» | Freddie Mercury, Mike Moran, Jim Vallance | 5:46 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «The Golden Boy» | 6:05 |
2. | «The Fallen Priest» | 5:46 |
3. | «The Golden Boy (Instrumental)» | 6:05 |
Musikkvideo
Musikkvideoen består av eit opptak av artistane som framfører songen under La Nit-festivalen i Barcelona den 8. oktober 1988. Dette var den siste konserten Mercury heldt før sjukdommen hans vart verre.[1] Her framførte dei denne songen i lag med «Barcelona» og «How Can I Go On». Videoen vart først gjeven ut som ein del av ein 5" CD-videosingel.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «The Golden Boy» frå Wikipedia på engelsk, den 1. august 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Freddie Mercury: biography Arkivert 2011-10-04 ved Wayback Machine.. Freddie.ru. Henta 1. august 2016.