Thiene
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/7/75/Thiene%2C_Piazza_Chilesotti.jpg/220px-Thiene%2C_Piazza_Chilesotti.jpg)
Thiene er ein by og ein kommune i provinsen Vicenza i Veneto-regionen i Italia. Kommunen har i kring 24 000 ibuarar og dekker eit areal på 19,7 km². Byen ligg om lag 22 kilometer nord for provinshovudstaden Vicenza, 147 meter over havet.
Thiene er ein industriby, med mange mindre og halvstore verksemder. Byen, som er mellom dei rikaste i Italia, har dei seinare år fått mange immigrantar frå stader som Marokko, Asia og Aust-Europa.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Thiene» frå Wikipedia på engelsk, den 12. juli 2013.