Trøndelag fylke
- «Trøndelag» omdirigerer hit. For andre tydingar av ordet, sjå Trøndelag (fleirtyding).
Trøndelag fylke | |||
fylke | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Del av | Trøndelag | ||
Adm.senter | Steinkjer | ||
Areal | 41 271 km² | ||
- land | 38 790 km² | ||
- vatn | 2 481 km² | ||
Folketal | 478 470 (1. januar 2023) | ||
Folketettleik | 12 / km² | ||
Målform | nøytral | ||
Statsforvaltar | Frank Jenssen | ||
Fylkesordførar | Tore O. Sandvik (Ap) | ||
Fylkesnummer | 50 | ||
Trøndelag fylke | |||
Wikimedia Commons: Trøndelag | |||
Nettstad: www.trondelagfylke.no | |||
Trøndelag (sørsamisk: Trööndelage) er eit fylke sentralt i Noreg. Det vart oppretta 1. januar 2018 som ei samanslutning av fylka Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag, som vedtok å slå seg saman i april 2016. Fylket grensar til Nordland i nord, til Møre og Romsdal i sørvest og til Innlandet i sør. I aust grensar fylket til Jämtlands län i Sverige. Folk frå Trøndelag blir kalla trønderar.
Både fylkeskommunen og fylkesmannen har hovudsete på Steinkjer og avdeling i Trondheim. Fylkeskommunen har administrativ leiing med rådmannsfunksjon lagt til Steinkjer og ordførarfunksjonen er lagt til Trondheim.
Fylkesvåpenet til Trøndelag er ein utbøygd gull kross på sølv grunn. Det har tidlegare vore våpenet til Nord-Trøndelag fylke, frå 1957 til 2018.
Historie
Namnet Trøndelag kjem av norrønt Þrǿndalǫg, der fyrste ledd er av folkenamnet þrǿnd(i)r som høyrer saman med fyrste ledd i Trondheim; siste ledd av lag, 'lov', som er brukt om ein landsdel med felles lov. Folk frå Trøndelag er kalla trønderar, og dei har ein sterk identitet som mellom anna er særmerkt ved det trønderske målføret, som òg finst i området Nordmøre i Møre og Romsdal fylke.
Trøndelag var i eldre tider, truleg frå før år 700, nemninga på lovområdet som femnde bygdene kringom Trondheimsfjorden, der Namdalen og Fosen ikkje høyrde med. Området vart delt i Uttrøndelag med fylka Orkdǿlafylki, Gauldǿlafylki, Strindafylki og Stjórdǿlafylki, og Inntrøndelag med fylka Skeynafylki, Verdǿlafylki, Sparbyggjafylki og Eynafylki. Nemningane Uttrøndelag og Inntrøndelag har tidlegare vore brukt i enkelte administrative samanhengar, til dømes i den rettslege inndelinga i politidistrikt, men er i dag ikkje lenger i bruk i slik samanheng.
Landskap og geologi
Dei søraustlege delane av Trøndelag utgjer Trondheimsfeltet, som vil seie traktene omkring Trondheimsfjorden sørover til den nordlege delen av Gudbrandsdalen.
Landskapet i Trøndelag består av skog og vassdrag. Elvane Orkla, Gaula, Stjørdalselva og Verdalselva fell raskt ned mot låglandet der dei har slake, meandrerande elveløp før dei munnar ut i Trondheimsfjorden. Berggrunnen i Trøndelag består av kambrosilurske bergartar som er sterkt omdanna ved den kaledonske fjellkjedefoldinga. Det vart danna fleire skyvedekke som kan karakteriserast ved to geologiske typeområde; Størendekket i vest og Meråkerdekket i aust. Desse to skyvedekka består av tilsvarande lagpakker men høyrer til to ulike dekke. Dei er fråskilde av eit sterkt metamorft antiklinal av sandsteinar, skifrar og grønsteinar som høyrer til Guladekket.
Gruvedrift har tidlegare vore ei viktig næring i fylket og det fanst gruvedrift mellom anna på Løkken Verk, Rørosgruvene og Folldalgruvene.
Klima
Sør-Trøndelag
Det er store klimatiske skilnadar innan Sør-Trøndelag, frå det typisk maritime i nordvest til det mest kontinentale i Sør-Noreg i søraust. Høge fjell skjermar mot aust og sør og mykje av fylket ligg ope til mot nordvest, som er den typiske vindretninga for dårleg vêr.
Dei vanlegaste vindretningane om vinteren er frå aust til sør. Den Ytre Trondheimsfjorden dannar ein utfallsport for kald luft frå landet innanfor. Kyststrøka har vind over liten kuling 10-20 % av tida og liten storm 0,5–1,0 %. Om sommaren bles vinden ved bakken som oftast frå nordvest–nordaust, gjerne kalla «havgule».
Middeltemperaturen for januar er omkring 0 °C ved kysten, frå –2 til –5 °C over låglandet og ned i kring –10 °C i indre dalstrøk i aust. Den lågaste målte minimumstemperaturen er frå –15 til –20 °C ved kysten, frå –25 til –35 °C i indre strøk og lågare enn –40 °C i dalstrøk lengst aust. Røros har kulderekord for Sør-Noreg med –50 °C. Dei varmaste månadane er juli eller august og middeltemperaturen er kring 14 °C i kystområda, og kring 10–15 °C i indre område. Det er målt 25 °C sjølv ytst på kysten, 30–35 °C i indre fjord- og dalstrøk.
Årsnedbøren varierer frå kring 1200 mm ved kysten, til 1500–2000 mm i ei maksimalsone inn mot kystnære fjell, og elles stort sett 800–1000 mm, bortsett frå enkelte minimumsområde i aust og sør. Det kjem mest nedbør om hausten og vinteren. Berre enkelte innlandsstrøk får mest nedbør om sommaren.
Det er noko sommartåke ved kysten, medan innlandet har lokal strålingståke om hausten, og det er noko frostrøyk over Trondheimsfjorden om vinteren. Tåke-årsmiddel er stort sett under 1 %.
Nord-Trøndelag
Dei indre strøka av Nord-Trøndelag er skjerma av fjell i sektoren sørvest til aust, og delvis òg i nord. Særleg har dalstrøka nær svenskegrensa eit typisk innlandsklima med moderat nedbør og kalde vintrar.
Ytre Namdalen og Vikna er derimot sterkt påverka av Norskehavet. Den kalde vinterlufta frå innlandet blir drenert ut Namdalen, noko som medverkar til at det ofte blir sterk vind, mellom anna over Folda. Det er liten kuling eller meir rundt 20 % av året og liten storm 1 % av tida.
Fosenhalvøya skjermar dei lågare strøka lenger aust mot påverknaden frå Norskehavet, medan Trondheimsfjorden dempar både vinterkulda og sommarevarmen. Høgdevinden over området er oftast frå sørvest, men om vinteren vil bakkevinden ofte blåse frå aust til søraust. Om sommaren er det gjerne sjøvind (havgule) frå ein retning mellom vest og nordaust.
Februar er den kaldaste månaden ved kysten med ein middeltemperatur like over 0 °C, omkring Trondheimsfjorden er det januar som er kaldast med middel frå –2 til –5 °C. I indre strøk går middeltemperaturen til dels ned mot –10 °C, medan dei lågaste minimumstemperaturane som er observert, er frå –35 til –40 °C. Middeltemperaturen om sommaren er stort sett frå 13 til 15 °C, men går under 10 °C i fjellstrøk over ca. 750 m. I samband med luft ført inn frå søraust kan maksimumstemperaturen i låglandet stige over 30 °C. nedbør
Årsnedbøren varierer frå 750-1000 mm ved kysten i nordvest til 1500-2000 mm i kystnære fjellstrøk. Indre, skjerma område får 500-750 mm. Det kjem mest nedbør på hausten og tidleg på vinteren, men stader i innlandet har ofte mest nedbør om sommaren.
Det er noko tåke ved kysten om sommaren, medan det nær Trondheimsfjorden kan opptre lokal strålingståke eller frostrøyk om hausten og tidleg på vinteren. Det er langt mindre tåke her enn i Søraust-Noreg.
Næringsliv
Historisk viktige næringsvegar i Trøndelag har vore jordbruk, skogbruk, bergverk og fiskeri. Trøndelag har ein stor vass- og vindkraftproduksjon som understøttar kraftkrevjande treforedlings- og smelteverksindustri. Havbruket står for halvparten av eksportverdien i Trøndelag. Olje- og gassutvinning utanfor Trøndelagskysten er også vesentleg. Mykje av verkstadindustrien og rederinæringa i Trøndelag er retta mot havbruk og offshore. Trondheim er eit sentrum for høgare utdanning og forsking, og husar den største lærestaden på Noregs største universitet, NTNU, og forskingsstiftelsen SINTEF. Dei har avfødd ei mengd teknologibedrifter. Handel og offentleg og privat tjenesteyting er også viktige for sysselsettinga.
Samferdsel
Europaveg 6 (E6) og jernbanen dannar ei hovudåre for samferdselen i Trøndelag. Rørosbanen og Dovrebanen møtest på Støren, og går vidare nordover gjennom Gauldalen til Trondheim. Frå Trondheim startar Nordlandsbanen, som går gjennom austsida av Trondheimsfjorden, langsmed Snåsavatnet og nordover gjennom Namdalen til Nordland.
Trondheim lufthamn, Værnes, den største flyplassen i fylket, ligg i Stjørdal. Flyplassen er den tredje mest trafikkerte i Noreg målt i tal på passasjerar. Det finst også småflyplassar ved Namsos, Rørvik og Røros og ein militær flyplass på Ørlandet med sivile ruteanløp.
Trondheim og Rørvik er stoppestader for Hurtigruta Bergen–Kirkenes. Det er hurtigbåtsamband frå Trondheim til fleire stader langs kysten, i tillegg til Hitra, Frøya og småøyane lenger nord.
Kultur og attraksjonar
Trondheim er eit viktig reisemål, med mellom anna Nidarosdomen, Kristiansten festning, Munkholmen og Sverresborg. Stiklestad i Verdal kommune er også ein populær attraksjon med nasjonal verdi. Her blir det historiske Spelet om Heilag Olav arrangert i juli kvart år. Røros søraust i fylket har verdsarvstatus på grunn av det særprega bygningsmiljøet og bergverkshistoria til staden.
Det blir årleg arrangert fleire festivalar i fylket, der Olavsfestdagene i Trondheim og Norsk revyfestival på Høylandet er mellom dei mest populære.
Naturen er også ein viktig attraksjon i Trøndelag, særleg i nord der fiske- og bygdeturisme er viktige næringar. Dei mest populære fjellområda i fylket er Trollheimen, Sylan og Dovrefjell. Oppdal skisenter i Oppdal er den mest populære vintersportsstaden i fylket.
Kommunar
Trøndelag fylke har 38 kommunar. Fylkesnummeret til Trøndelag fylke er 50.
Nr. | Namn | Adm.senter | Folkemengd | Flatevidd (km²) | Målform[1] | Valdistrikt |
---|---|---|---|---|---|---|
5001 | Trondheim | Trondheim | 212 660 | 529 | nøytral | Sør-Trøndelag |
5006 | Steinkjer | Steinkjer | 23 955 | 2 122 | Nord-Trøndelag | |
5007 | Namsos | Namsos | 14 923 | 2 133 | ||
5014 | Frøya | Sistranda | 5 391 | 241 | bokmål | Sør-Trøndelag |
5020 | Osen | Steinsdalen | 904 | 387 | ||
5021 | Oppdal | Oppdal | 7 256 | 2 274 | nøytral | |
5022 | Rennebu | Berkåk | 2 481 | 948 | ||
5025 | Røros | Røros | 5 598 | 1 956 | ||
5026 | Holtålen | Ålen | 1 997 | 1 210 | ||
5027 | Midtre Gauldal | Støren | 6 133 | 1 861 | bokmål | |
5028 | Melhus | Melhus | 17 340 | 695 | nøytral | |
5029 | Skaun | Børsa | 8 441 | 224 | ||
5031 | Malvik | Hommelvik | 14 662 | 169 | bokmål | |
5032 | Selbu | Mebond | 4 144 | 1 235 | nøytral | |
5033 | Tydal | Tydal | 753 | 1 329 | bokmål | |
5034 | Meråker | Midtbygda | 2 426 | 1 274 | Nord-Trøndelag | |
5035 | Stjørdal | Stjørdalshalsen | 24 541 | 938 | nøytral | |
5036 | Frosta | Frosta | 2 645 | 76 | ||
5037 | Levanger | Levanger | 20 344 | 645 | ||
5038 | Verdal | Verdalsøra | 15 002 | 1 548 | ||
5041 | Snåsa | Snåsa | 2 021 | 2 343 | ||
5042 | Lierne | Nordli | 1 295 | 2 962 | ||
5043 | Røyrvik | Røyrvik | 429 | 1 585 | ||
5044 | Namsskogan | Namsskogan | 814 | 1 417 | ||
5045 | Grong | Grong | 2 296 | 1 136 | ||
5046 | Høylandet | Høylandet | 1 216 | 754 | ||
5047 | Overhalla | Ranemsletta | 3 873 | 730 | ||
5049 | Flatanger | Lauvsnes | 1 108 | 459 | ||
5052 | Leka | Leknes | 582 | 109 | ||
5053 | Inderøy | Straumen | 6 841 | 740 | ||
5054 | Indre Fosen | Årnset | 9 977 | 1 052 | Sør-Trøndelag | |
5055 | Heim | Brekstad | 5 880 | 1 025 | ||
5056 | Hitra | Fillan | 5 281 | 756 | ||
5057 | Ørland | Brekstad | 10 472 | 457 | bokmål | |
5058 | Åfjord | Årnes | 4 252 | 1 330 | nøytral | |
5059 | Orkland | Orkanger | 18 690 | 1 906 | ||
5060 | Nærøysund | Kolvereid | 9 890 | 1 346 | Nord-Trøndelag | |
5061 | Rindal | Rindal | 1 957 | 632 | Sør-Trøndelag | |
50 | Trøndelag | Steinkjer | 478 470 | 41 271 | nøytral | Sør-Trøndelag Nord-Trøndelag |
Kjelder
- «Om Trøndelag». Trøndelag fylkeskommune. Henta 15. desember 2017.
- «Nye fylkes- og kommunenummer» (PDF). Regjeringa. Henta 15. desember 2017.
- Morten Haugen (15.12.2017). «Trøndelag». Store norske leksikon. Henta 15. desember 2017.
- ↑ «Forskrift om målvedtak i kommunar og fylkeskommunar (målvedtaksforskrifta)». Lovdata. 20. desember 2019. Henta 4. desember 2020.
Bakgrunnsstoff
- Offisiell nettstad
- Trøndelag Reiseliv – Turistinformasjon om Trøndelag