Trnovo i Den bosniske serbarrepublikken

Trnovo
Andre namn Трново
Utsyn mot Trnovo
Utsyn mot Trnovo
Utsyn mot Trnovo
Flagget til Trnovo i Den bosniske serbarrepublikken
Flagget til Trnovo i Den bosniske serbarrepublikken
Styresmakter
Land
Føderal eining
Bosnia-Hercegovina
Den bosniske serbarrepublikken
Geografi
Flatevidd 135 km²
Innbyggjarar[1]
 - Kommune (2013)
 - Byområde

2 050
956
Koordinatar 43°39′56″N 18°26′47″E / 43.66556°N 18.44639°E / 43.66556; 18.44639
Høgd over havet 1020 m
Tidssone UTC+01:00 (UTC)
Diverse anna
Heimeside: http://www.trnovo-rs.com
Plassering
Trnovo i Den bosniske serbarrepublikken is located in Bosnia-Hercegovina
Plasseringa av tettstaden Trnovo
Kommunen Trnovo innanfor Den bosniske serbarrepublikken

Trnovo (kyrillisk Трново) er ein tettstad og ein kommune i Den bosniske serbarrepublikken (Republika Srpska), den eine av dei to føderative einingane («entitetane») som staten Bosnia-Hercegovina er delt inn i på grunnlag av Daytonavtalen.[2]

Etter Daytonavtalen er den opphavlege kommunen Trnovo delt, slik at det meste av tettstaden og ein del av den tidlegare kommunen ligg i Den bosniske serbarrepublikken, medan resten ligg som ein kommune med same namn i kantonen Sarajevo i Føderasjonen Bosnia-Hercegovina.

Trnovo inngår i byen Istočno Sarajevo.[3]

Folketal

Dei største busetnadene i kommunen ved dei siste folketeljingane var:[1]

Folketal 1991 Folketal 2013
Trnovo 1 985 956
Kijevo 452 280
Tošići 391 268
Jablanica 435 263
Turovi 309 148
Kommunen Trnovo 3 901 2 050

Kjelder

Referansar

  1. 1,0 1,1 «Konačni rezultati - Popis 2013». Agencija za statistiku Bosne i Hercegovine. 2013. Henta 25. desember 2024. 
  2. «The General Framework Agreement for Peace in Bosnia and Herzegovina» (PDF). OSSE. 14. desember 1995. Henta 23. november 2024. 
  3. «Градови и општине Републике Српске / Cities and Municipalities of Republika Srpska 2024» (PDF) (på serbisk og engelsk). Републички завод за статистику / Republika Srpska Institute of Statistics. 2024. Henta 3. januar 2025.