Ubåtklassen Borej


Borej (russisk Борей), eller Prosjekt 955, med NATO-nemninga Borei og Borej, er ein russisk ubåtklasse. Meininga er at Borej-klassen skal erstatte ubåtane i dei eldre klassene Kalmar og Akula, som vart bygde i sovjettida. Ubåtane er atomdrivne og kan skyte ut atomrakettar når fartøyet er neddykka.[1] Klassen har namn etter vindguden Boreas.
Fartøy
«Jurij Dolgorukij»
Den strategiske SSBN-ubåten (K-535) «Jurij Dolgorukij» av Borei-klasse, ein koloss på 170 meter og toppfart på 25 knop. Ubåten vert driven av atomkraft og er i tillegg bestykka med 16 RSM-56 Bulava-missiler, som kvar kan inneholde opptil 10 stridshovud, sjølv om kvart missil normalt er utstyrt med færre. «Jurij Dolgorukij» har eit mannskap på 102 personar.[2]
Hovudvåpen
Dei ballistiske missila RSM-56 Bulava, 16 stykke, er hovudvåpen.[3] Missila er i kategorien SLBM.
Sjå òg
- Liste over atomubåtar i teneste
- Ubåtklassar i teneste
- Liste over atomubåtar
- Russiske marinefartøy i aktiv teneste
Referansar
- ↑ Nilsen, Thomas (23. mai 2018), «Russland har prøveavfyrt en salve av ballistiske atomraketter», dagbladet.no (på norsk), henta 22. februar 2022
- ↑ «Intens ubåtjakt før russiske missiltester», Aldrimer.no (på norsk bokmål), henta 22. februar 2022
- ↑ «Россия спустила на воду атомную подлодку». BBC Russian.com. 15. april 2007.