University of Queensland
University of Queensland | |||
| |||
Motto | By means of knowledge and hard work | ||
---|---|---|---|
Grunnlagt | 1909 | ||
Stad | Brisbane | ||
Studentar | 48 771 (2012) | ||
Medlemskap | ORCID, arXiv | ||
Nettstad | https://www.uq.edu.au (engelsk) |
University of Queensland (UQ) er eit universitet med hovudsete i Brisbane i Australia og er det eldste universitetet i delstaten Queensland. UQ er medlem av Australias «Group of Eight»-universitet og dessutan medlem av den internasjonale Universitas 21-organisasjonen.
Universitetet blei skipa 10. desember 1909. I 1930 kjøpte ein området St. Lucia ved Brisbaneelva og etablerte hovudsetet der. Det opphavlege universitetsområdet i sentrum av Brisbane er no eit universitetsområde for Queensland University of Technology. I tillegg til å ha tilhald i Brisbane, har UQ òg etablert seg andre stadar. Dette er UQ Ipswich og UQ Gatton.
Den 7. september 2020 inngjekk universitetet og CSL Limited ein samarbeidsavtale med dei australske styresmaktene om sin koronavirus-vaksinekandidat V451.[1][2]
Kjelder
- ↑ «CSL to manufacture and supply University of Queensland and Oxford University vaccine candidates for Australia». www.csl.com (på engelsk). 7. september 2020. Henta 7. september 2020.
- ↑ «Australia secures onshore manufacturing agreements for two COVID-19 vaccines | Prime Minister of Australia». www.pm.gov.au. 7. september 2020. Arkivert frå originalen 7. september 2020. Henta 7. september 2020.
- Denne artikkelen bygger på «University of Queensland» frå Wikipedia på bokmål, den 6. desember 2020.