Vågstrandstunnelen
Lengd | 3 700 meter[1] |
---|---|
Stigning | 2,4%[1] |
Trafikk | 2 187 (2024)[2] |
Opna | 18. desember 2014 |
Vågstrandstunnelen 62°34′51″N 7°22′00″E / 62.58083344°N 7.36666679°E |
Vågstrandtunnelen er ein 3 665 meter lang tunnel på Europaveg 136 i Rauma kommune i Møre og Romsdal, opna i desember 2014. Tunnelen strekker seg frå om lag Stolsneset rett nord for den nordlege opninga av Måndalstunnelen til Ner-Våge på Vågstranda. Tunnelen ligg i stigning frå ti meter over havet ved opninga i sør mot Måndalen til eit høgste punkt på femti meter over havet inne i tunnelsen, og derfrå i fall til om lag 20 meter over havet ved opninga i nord på Vågstranda.
Bygginga av tunnelen med vegtilknytingar tok til i september 2012. Ein 1,2 kilometer lang strekning med ny veg inngjekk i prosjektet, og dessutan gang- og sykkelveg og nye lokalvegar. Stein frå tunnelen vart nytta til ei sjøfylling som europavegen ligg på i Tresfjorden fram til Tresfjordbrua.
Kjelder
- ↑ 1,0 1,1 Nasjonal vegdatabank, Wikidata Q55698494
- ↑ «Trafikkdata Ev136 Vågstrandstunnelen». Statens vegvesen.