Våtmark

Foto: Tom Bjørnstad
Våtmark eller våtmarksområde viser til landformer der vatn speler ei viktig rolle. Slike område kan omfatta blandingar av myrer, tjern, småvatn, vegetasjonsrike innsjøar, meanderar i elvar, sumpområde, deltaområde, strandenger, grunne viker, bukter og sjøområde langs kysten.
Våtmarksområde, som gjerne har eit rikt plante- og dyreliv, høyrer til ofte også dei biologisk mest produktive områda i verda. Mange er også viktige rekreasjonsområde for menneske. Dette fører ofte til eit stort press på naturen, slik at verneplanar kan vera nødvendige for å sikra områda for framtida.
Bakgrunnsstoff
«våtmark» i Store norske leksikon, snl.no.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Våtmarksområde» frå Wikipedia på bokmål, den 18. juni 2011.