Vadmål
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/c1/Vadmalskl%C3%A4der_Karin_Lundholm.jpg/220px-Vadmalskl%C3%A4der_Karin_Lundholm.jpg)
Vadmål er grovt, tjukt ulltøy, vove med doble trådar i varpet. Det er meir eller mindre valka eller stampa.
Vadmålsklede kan vera varme og ganske vind- og vasstette. Dei sveller ut når dei blir våte, og kan også impregnerast.
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/3/36/Faroe_stamp_407_helmsman.jpg/170px-Faroe_stamp_407_helmsman.jpg)
Soge
Vadmål vart svært mykje nytta i nordiske område i tidlagere tid. Det er funne slikt stoff allereie frå tidleg jernalder. Stoffet blei brukt til klede, sengeklede, til å dekka vegger med og til andre føremål, som segl, sekkar, telt og som tettemateriale i båtar.
Vadmål vart som regel laga av bondekonene sjølve av ull frå sauene på garden. I mellomalderen blei det handla inn vadmål til Noreg frå Island, Færøyane og Shetland.
I mellomalderen blei stoffet brukt som verdimål. I dei tidlegaste standariseringane er 6 alen vadmål lik 1 eyrir (øre).
Kjelder
- «vadmel» i Store norske leksikon, snl.no.
- «Hva er bra for deg?» Arkivert 2009-04-14 ved Wayback Machine. ved naturtips.no