Val Camonica

Concarena i midten av Val Camonica
Kart over Val Camonica.

Val Camonica er ein dal i dei lågare alperegionane i Lombardia i Italia. Elva Oglio renn gjennom dalen før ho munnar ut i Iseosjøen. Det meste av Val Camonica ligg i den nordlege delen av provinsen Brescia.

Dalen inneheld eit av dei største funna av steinteikingar i Italia med om lag 300 000 helleristingar av medlemmer frå stamma Camunni frå om lag 8000 f.Kr.[1] Motiva er kosmologiske, figurative og kartografiske og enkelte stader er det monumentale jakt- og ritualscenar.

Den mest kjende teikninga vart oppdaga i 1909 av Walter Laeng, ein geograf frå Brescia. Han fann to utskjeringar på to rullesteinar ved Pian del Greppe nær Cemmo.

Sidan 1950-åra er det funne tusenvis av teikningar på steinflatene som er «katalogisert» i store prosjekt som framleis held på. I 1979 vart området ein del av UNESCO si verdsarvliste.

Turisme

Val Camonica har forskjellige område for turistar:

  • Vintersport:Ponte di Legno, Borno, Montecampione, Aprica
  • Mineralspa: Boario, Angolo Terme.
  • Parkar med helleristingar: Parken Naquane i Seradina e Bedolina i Capo di Ponte; Riserva naturale dei comuni di Ceto Cimbergo e Paspardo a Nadro; parken Luine i Darfo Boario Terme.
  • Romersk by: Cividate Camuno.
  • Mellomalderbyar: Bienno, Pescarzo av Capo di Ponte.
  • Borger: Breno, Gorzone, Cimbergo.
  • Museum og temaparkar: Romersk museum i Cividate Camuno; museumet Camillo Golgi i Corteno Golgi; museumet Guerra Bianca a Temù; arkeologipark i Darfo Boario Terme.
  • Kyrkjer: Pieve of San Siro, Monastero of San Salvatore i Capo di Ponte; Santa Maria della neve i Pisogne; Chiesa di Sant Antonio i Breno; Santa Maria Annunziata i Bienno; Santa Maria Assunta i Esine.

Biletgalleri

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Fotnotar

Koordinatar: 45°56′N 10°16′E