Veiholmen
| Veiholmen | |
|---|---|
Været på Veiholmen sett frå Innveien. Fyret i bakgrunnen er Haugjegla fyr. | |
| Geografi | |
| Stad | Nordmøre |
| Koordinatar | 63°31′10″N 07°57′20″E / 63.51944°N 7.95556°E
|
| Areal | 0,25 km²
|
| Administrasjon | |
| Land | |
| Fylke | Møre og Romsdal
|
| Demografi | |
| Folketal | 325 (2003) |
| Folketettleik | 1300 /km² |
Veiholmen er ei øy og eit fiskevær lengst nord i Smøla kommune på Nordmøre. Veiholmen ligg ved enden av fylkesveg 669.
Fiskeværet er ein av dei største tettstadane i Smøla kommune med 325 innbyggjarar i 2003 [1]. Folkesetnaden på Veiholmen har tradisjonelt levd av fiske og havbruk, men i dag er òg turisme ei stor næring.
Nyare bygg i byggefelt finst på Innveien, medan den gamle busetnaden ligg på sjølve fiskeværet Været.
Haugjegla fyr ligg utanfor Veiholmen.