Vidar Davidsen
Vidar Davidsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 4. januar 1958 (67 år) Oslo |
Yrke | fotballspelar |
Nettstad | http://www.vidardavidsen.no/ |
Vidar Terje Davidsen (fødd 4. januar 1958) er ein norsk tidlegare fotballspelar som vann tre seriegull og eitt cupmeisterskap med Vålerengen IF i tida 1980-84. Gjennom åtte sesongar, 1979-86, spelte han 46 landskampar for Noreg og skåra fem landslagsmål. Han var trenar for Vålerenga då laget triumferte i fotballcupen 1997.
Spelar
Klubbspel
Davidsen spelte for Bærum SK i 1976. Dei neste tre sesongane var han Frigg-spelar, eit lag som då hevda seg bra i 2. divisjon, men utan å kunne rykke opp i toppdivisjonen. Perioden 1980-86 var han eit fast innslag på midtbana til Vålerenga. I laget si beste tid på fotballbana var han med å verte cupmeister i sin fyrste sesong. Sesongane 1981, 1983 og 1984 sikra han seg og Vålerenga tre seriemeistertitlar. I 1987-sesongen var Davidsen Lillestrøm-spelar, utan å utmerke seg. Sidan var han spelande trenar i Bærum SK.
Landslagsspel
Davidsen debuterte på det norske landslaget 9. august 1979 og skåra det einaste målet då Noreg vann over Finland. I åra framover spelte han i alt 46 landskampar, og skåra fem landslagsmål. Han vert særleg hugsa for målet han skåra då Noreg hausten 1985 overraska og slo Italia 2-1 i ein vennskapskamp på bortebane i Lecce.
Merittar
- Seriemeister: 1981, 1983 og 1984 med Vålerengen
- Noregsmeister: 1980 med Vålerengen
- Tapande cupfinalist: 1983 og 1985 med Vålerengen
Trenar
Davidsen trena Vålerenga i åra 1993-97, Lyn 1998-2001 og Strømsgodset IF i 2003-04. Sett vekk frå 1997-sesongen, då han førte Vålerenga til opprykk frå nivå to og siger i noregsmeisterskapen i fotball, hadde han lite suksess med trenargjerninga.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Vidar Davidsen» frå Wikipedia på bokmål, den 19. april 2016.